fredag 29. august 2008

Ein lærar som har gjort inntrykk på meg!

Når eg no skal bli lærar synes eg det er naturleg å sjå tilbake til mi eiga karriere og tenkje litt over kva lærarar eg likte og ikkje og kvifor. Det er fleire som har gjort varige inntrykk på meg, blandt anna ei utruleg sløv og kjedeleg heimkunskapslærar, ein ekstremt rettferdig klassestyrar eg hadde på ungdomsskulen og ein vannvitig gira historie lærar eg hadde på viaregåande. Alle desse tre og fleire med dei har eg noko å læra av, til dømes:
-Som lærar bør ein ikkje halvsova i timane.
-For å vera rettferdig må ein ikkje vera redd for å gjera seg upoppulær.
-Ein bør kunna faget sitt og "selja" det til elevane.

Eg vil fortelje litt om den mest inspirerande læraren eg nokon gong har hatt, historielæraren min frå viaregåande. Han var ein som ikkje berre kunne, men og brant for faget sitt. Når han foreleste evna han å engasjera ein ellers veldig rolig og sløv klasse. Dersom ein god lærar er ein som lever seg inn i stoffet, er kanskje ein ekstremt god lærar ein som lever heile klassa inn i stoffet. Eg husker spesielt ein gong, tema var vikingtida, han sto framfor klassa og har stjerner i augene og seier: "Tenk dere at dere bodde på avaldsnes, la oss si for tusen år siden... Hva gjorde dere på? Hva tenkte dere på? Hva var dere opptatt av? Hadde dere fritid? Og hva brukte dere den til? TENK PÅ DET DA!" I pausen etter var det fritid på avaldsnes for tusen år siden som var det store samtaleemnet.
Han var og ein lærar som brydde seg om elevane sin velferd, ei egenskap som eg har inntrykk av at fleire og fleire gløymer lengre oppe i klassetrinna. Når me var russ formana han om at vi måtte tenkje oss godt om før vi eventuelt gjorde noko dumt. Han var ikkje mot russefeiring, men det var ingen hemmelighet at han var veldig kritisk til korleis den kunne utarta seg. Han var blandt anna mot kasting av egg, ei forståeleg meining som han sikkert delte med mange kollegaer. Eg meiner, kastar ein egg mot ein skule blir resultatet at skulen luktar vondt, men han hadde eit heilt anna argument, han meinte rett og slett at det var uorginalt, "russen har kasta egg i tjue år", sa han, "finn på no nytt!"
Det gjorde vi og, eg og ein kamerat av meg hadde begge gløymd å kjøpe russehatter, så vi var ikkje så opptatt av kva knuter vi tok, men vi var opptatt av å ha det moro og finna på nokre sprell. Ein morgon kjøyrde me tidleg til byen, vi hadde med oss stormkjøken, egg og bacon og det som trengs for ein betre frukost. Me sat oss deretter på trappa hans og lagde tre store porsjoner før vi banka på å spurde om han var svolten. Det var han ikkje, han hadde jo spist frukost medan han hadde sett på kva vi holdt på med, men han gav oss noko å drikkje ettersom vi hadde gløymd dette. Samme dag fortalde ein kjenning av meg som gjekk i klassen under meg som og hadde han i historie at han hadde fortald om ei stor hending: "I år har russen funnet på noe nytt, og POSITIVT!"

Det som gjer at eg ville trekkje akkurat denne læraren fram er at eg alltid gleda meg til historietimane, det var rett og slett moro. Eg gjorde ikkje ein spesielt stor innsats i dette faget, det vil seie den innsatsen eg gjorde var alltid lystbetont. Han hadde to viktige eigenskaper, evnen til å formidla kunskap og ikkje minst empati. Eg ser på det som noko eg kan streva etter i mi framtidige karriere.

OJ.

tirsdag 26. august 2008

Så blei eg og blogger...

Hei, Ole Jacob heiter eg, er plutseleg blitt student igjen etter mange år borte frå skuleverket. Her skal eg etterkvart skriva ein god del om mine tankar og meininger om pedagogikkfaget...

-det kan jo bli spanande lesestoff det...

OJ