mandag 16. februar 2009

Motivasjon

Dei siste vekene har motivasjon vore tema i pedagogikken. Litt ironisk er det nok, men eg må innrømme at motivasjonen min har vore svært nært botn. Denne teksten skulle eg etter planen min skriva på fredag, men eg fann ikkje motivasjon. Eg valde difor og utsetje det til laurdag, på laurdag... osb. No er det fredag kveld og fristen for å posta innlegget er faretruande nært. Eg må vel innrømme at det er det som motiverer meg mest no. Slik er det ofte for meg, eg finn ikkje motivasjon til å gjere ting eg absolutt bør gjere, ting som å rydde og gjere reint i leilegheita mi, skrive blogginnlegg og å laga middag. Det kan gjerast i morgon. Vel, blogginnlegget kan ikkje gjerast i morgon, det skal leverast i dag, så no er det berre å komme i gang og skriva nokre reflekterte og interessante tankar om motivasjon.

Mens eg skriv dette blar eg gjennom Elevens Verden av Gunn Imsen, her står det mykje fornuftig angåande tema. Eg stoppar med eit avsnitt med overskrifta: "Humanistiske motivasjonsteorier". Her står det forklart at mennesker kan ha behov for å føle seg til nytte for andre. Dersom nokon utanforståande hadde spurt meg kva eg gjer på fritida mi ville det vore lett for vedkomande å konkludera at eg er eit eksempel på dette. Eg er nemleg ein person som har vondt for å seie nei. Forutan å vere tillitsvalt i klassa, nestleiar i studentrådet og varamedlem i studentparlamentet, er eg og aktive i andre lag og organisasjonar. I Norges speiderforbund er eg gruppeleiar i Førdespeidarane, leiar i kretskonkurransekommitéen, medlem i utval speiding i Ryvarden krets og sit i Kretsstyret. Eg sit og i musikkomitéen i Kopervik Musikkorps, styret i Førde Ungdomslag og har ambisjonar om å fu FUL-teaterguppe opp å gå igjen. Dette kan ein forstå som ei skryteliste over kor flink eg er, og ein kan nok for tenkje at forfattaren er motivert til å fortelje dette for å vise kor flink han er. Dette for å få tilbakemeldingar på kor flink han er og dermed oppleve at behovet for å vera til nytte for andre bli oppfylt. Sanninga er likevel den at eg gjer alle desse tinga mest for mi eiga skuld, fordi eg liker å ha tusen ballar i lufta samstundes, og fordi desse tinga faktisk er moro å drive med. Sjølvsagt er det tilfredstillande at dette og kjem andre folk til gode, men eg opplever likevel dette som ein bonus, og ikkje hovudpremien.

Kva er det då som motiverer meg til alt dette frivillige arbeidet, når eg samstundes har vanskeleg for å finne motivasjon for å skrive blogginnlegg som i teorien berre kjem meg sjølve tilgode? Ikkje veit eg. Eg blar vidare i boka til Imsen. 

Det tek ikkje lang tid før eg finn noko anna interessant. Maslows behovshieraki. Eg leitar etter behov for å ha det moro, eg finn det ikkje. Kan maslow verkeleg ha gløymd dette i pyramiden si? Eg trur eg ville ha plassert dette behovet mellom behovet for kjerleik og behovet for annerkjensle og positiv sjølvkjensle. Dette betyr i så høve, dersom ei stolar på mine teoriar fletta inn i Maslow sine, at eg ikkje treng å kjenne behov for annerkjensle for å vera så aktiv som eg er.

Det som verkeleg er ironisk er at eg opplever at eg blei motivert til å skrive av nettopp å skrive, kan tenkast er hovudproblemet mitt at eg treng å lære meg betre å gje meg sjølv eit realt spark i bakenden å koma fortare i gong. Eg kunne fint ha site her å skrive side opp og side ned, men eg vel å ta hensyn til at nokon forhåpentlegvis vil lese dette, og eg vil ikkje ta fra dei motivasjonen med å skriva for langt.

Takk til:

3 kommentarer:

Anders sin pedagogikkblogg sa...

Hei, Ole Jacob!

Du har skrive ein noko tynn tekst her, og eg tykkjer du kunne lagt meir arbeid i dette.

Du er inne på den indre motivasjonen, sett i frå eit egoistisk perspektiv, der ein tek del i det ein finn gøy å gjere med. Det er eit godt poeng, og eg kan då stille eit spørsmål til deg. La oss gå ut ifrå at elevane kjem på skulen av sosiale og ytre motiv. Dei kjem altså ikkje primært for å lære. Difor blir vel det å kunne å motivere essensielt?

Blogginga er eit verkty for å lære, ikkje berre i innleggsfasen, men og i det sosiokulturelle perspektivet, der vi kommenterer, framovermelder, gir feedback etc. For at den biten av bloggutbyttet skal få effekt, bør alle ta seg tid til å skrive best moglege innlegg, slik at dei som skal kommentere har noko å bite i. Det bør vere motivasjon nok å gje andre eins presentasjon av eit tema. Manglar du motivasjon til å skrive, kan du tenke på det.

Ho som starta denne bloggprosessen, Birgit, har skrive ein rapport om blogginga. Den har det fengjande namnet; "Tjue hovud tenkjer betre enn eit."

Der ligg poenget i bloggskrivinga, og der finn ein motivasjonen.

Lasse Bøe sa...

Heisann, OJ!

Fin at du trekker inn Maslows behovspyramide, og hvorfor ikke det er et nivå der som heter "gøyale ting", kan man jo spørre seg selv om. Men tror behovspyramiden hadde blitt brutalt høy hvis man skulle hatt med nivåer for alt her i verden, gitt.

Jeg liker måten du trekker frem deg selv som eksempler flere steder i innlegget ditt. Dette får meg til å "se for meg" ting på en annen, og kanskje bedre måte enn "tørt" bokstoff kunne fortalt meg.

Mitt lille ønske er at måten du avslutter innlegget ditt på, gjøres annerledes. På meg skinner det litt for mye igjennom at det siste avsnittet ditt er der bare for å fylle ut kravet om en A4-side. Hvorfor skrev du ikke side opp, og side ned med motivasjonsstoff? c')

Steinar sa...

Det er ein interessant situasjon du skildrar. At du finn motivasjon til mange krevjande verv, men ikkje for blogging eller skulearbeid.

Kan "kontroll" kanskje vere eit stikkord her? Alle verva har du valt sjølv, mens skulearbeidet blir pålagt av andre?

Eit anna stikkord som du også sjølv lanserer, er "moro". Kanskje du i stor grad går etter det som er lysbetont?

Det kan godt hende at Maslow burde tatt med "moro" som eit eige steg i pyramiden? Kan du argumentere for det?