mandag 2. mars 2009

Vurdering for læring.

Sjølv etter å ha lest om dette og blitt forelese om dette opptil fleire gonger synes eg framleis dette høyres litt rart ut. Eg trur difor eg vil ta meg tid til å forklara kva som ligg i dette omgrepet, og kva eg forstår med det.

Heile ideen er at i staden for å evaluere for å finne ut kva ein elev kan og ikkje kan, (t.d. gjennom prøvar o.l.) skal ein heller vurdere det eleven kan med fokus på framtidig læring. Det vil seie at vi vurderer eleven for å fremje læring. Det er då svært viktig å tydeleggjere dette for den som er subjekt for vurderinga. Ein måte å gjere dette på er å gi såkalla framovermeldingar, altså ikkje ei tilbakemelding som vurderer det som har vore, men ei konstruktiv vurdering med det for auget å inspirera gjennom konstruktiv kritikk. På engelsk kallar ein dette for "feed-forward" i motsetting til "feedback". Etter det eg vurderer er dette ei svært positiv måte å arbeide på, ein leitar etter dei positive tinga, og prøver å løfte fram det som ikkje er så bra med ei positiv vinkling.

I dei førre vekene har me vore så heldige å blitt førelest av Tord Eide og Bjørn Meling. Dei har i lengre tid forska på pedagogikkfaget og er sett på blant mange som nokre "guruar" innan dette faget. Dei fortalde om ein metode dei hadde lært om som vart kalla "two stars and a wish", eller to stjerner og eit ynskje. Når ein gjer ei vurdering er det som tidlegare nemnt viktig å ha fokus framover og å og leite etter positive trekk. Her skal ein spesielt trekkje fram to positive ting, grunngje kvifor dette er rett og kvifor ein er nøgd her. I tillegg skal ei også belyse ein ting ein ikkje er fult så nøgd med, men på ein måte slik at det blir formulert som eit spørsmål. "Eg skulle ynskje du var flinkare og hugse på skilnaden mellom å å og..."

Denne måten å vurdere på trur eg ligg veldig naturleg hos dei fleste, eg veit i alle fall at når eg retta stilar i klassa mi før sommaren var eg veldig bevisst på at eg skulle seie minst ein positiv ting om kvar stil. Den gongen hadde eg aldri høyrd om ”two stars and a wish”, men eg syntes det var opplagt. Eg trur denne teknikken eller metoden er ein vidareutvikling av noko som ligg naturleg hos dei fleste. Dette er derfor etter mi meining eit ideal dei fleste bør kunne leve opp til, anten ein er lærar eller ikkje.


4 kommentarer:

Silje sa...

Hallo du!

Eg synes det er veldig bra at du har so passa sjølvinnsikt og er så ærlig at du kan begynne eit innlegg med å sei at "ting høyres litt rart ut", og at du derfor velger å ligge vekt på ting ut i frå korleis du oppfatter det.

Eg likar at du ligger vekt på at me skal gje framovermeldinger som styrker framtidig læring.

Kva meiner du om balansegangen mellom å gje 2stjerner og 1ynskje i forhold til om me skulle gitt 1stjerna og 1ynskje?

Ravn sa...

Takk for fin kommentar Silje, det er et godt spørsmål du stiller. Eg meiner kanskje at det bør vera muleg å vera fleksibel med tanke på om ein skal ha eit eller fleire ynskje, menn eg trur det er viktig at den ubetinga positive(og velbegrunna) kritikkener merkbart dominerande forhold til antall ynskjer. Eg meiner altså at det bør være plass til fleire stjerner på himmelen enn kva eg går å ynskjer om den einskilde. det er og viktig at det ikkje blir 35 stars and 10 wishes... Eit ynskje eller to ekstra bør ein likevel kunne koste på seg tykkjer eg, men ein bør være forsiktig...

Steinar sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Steinar sa...

Du har rett i at vurdering for læring har framtida for seg! Det er også kjekt at du har erfart at two stars and wish kan vere ein metode i så måte.

Innlegget er elles i kortaste laget, så utfordringa til deg blir om du kan forklare kvifor måla blir så viktige i "Vurdering for læring"?

Elles så er det eit fint, ironisk døme om og/å:-)