Leik er etter mitt hovud eit svært nyttig hjelpemiddel i ei læresituasjon. Mesteparten av min erfaring med dette kjem frå speidarrørsla. Eg er mellom anna medlem i eit utval i den lokale speidarkretsen som heiter utval speiding, tidlegare ledartrenarpatrulja. Dette utvalet har som hovudoppgåve å arrangere kurs for speidarar og leiarar, sjølv har eg vore med her sidan eg sjølv var ferdig med grunnopplæringa for speidarleiarar hausten 2003.
Eg hugser spesielt den fyrste samlinga eg var med på i denne kursrekka, fokuset var at ein skulle planleggje og gjennomføra eit speidar eller småspeidermøte. I staden for å ha verkelege speidarar skulle vi være markørar for kvarandre. Dette var noko som utvikla seg til å til slutt ta heilt av og blei etterkvart nokså alvorleg rolleleik. Vi leika oss inn roller til desse små speidarane, og på den måten fekk me etter mi meining svært godt innblikk i korleis ein småspeidar tenkjer.
I dag er det mange firma som kan finne på å sende leiargrupper på kurs som går ut på å sove ute
i skogen i telt og å spise mat på relativt primitivt sett, Norges Speiderforbundhar drive med dette som ei del av ledarutdanninga i hvertfal over 30 år. Eg meiner den norske skulen har mykje å læra av speidarrørsla. I helga var eg med å arrangerte kurs og vi diskuterte mykje omkring at skulen i dag har mykje å læra av speidarrørsla. Berre det å la leik væra einaturleg del av ein læresituasjon er grunn nok åleinne for at eg synes skulane burde sjå til speidarrørslafor inspirasjon. Her er nemleg leiken komen inn som ein del av undervisinga. Når ein går inn i ei rolle som småspeidar (8.10 år) er det utuleg kor mangen lys som går opp for ein med tanke på korleis ein småspeidar tenkjer og oppfører seg.
Leik som avveksling kan være svært nyttig, som speidarleiar har eg alltid eit par leikar i bakhand i tilfelle eg må improvisera. Då verker leiken som eit naturleg avbrekk og gir energi til vidare konsentrasjon. Ein lærar seg og ein masse ting gjenom forskjellige leikar, berre noko så enkelt som å læra seg å fylje reglar kan for somme væra nyttig lærdom.
Leik kan etter mitt hovud brukast på to måtar i skulen, anten som avbrekk og ispirasjon, eller som ein del av sjølve lreprosessen. Eg har personleg god tru på at å blanda desse to måtane å innvoøvera leik på vil gje eit godt resultat.