mandag 16. mars 2009

Leikande læring

Leik er etter mitt hovud eit svært nyttig hjelpemiddel i ei læresituasjon. Mesteparten av min erfaring med dette kjem frå speidarrørsla. Eg er mellom anna medlem i eit utval i den lokale speidarkretsen som heiter utval speiding, tidlegare ledartrenarpatrulja. Dette utvalet har som hovudoppgåve å arrangere kurs for speidarar og leiarar, sjølv har eg vore med her sidan eg sjølv var ferdig med grunnopplæringa for speidarleiarar hausten 2003.

Eg hugser spesielt den fyrste samlinga eg var med på i denne kursrekka, fokuset var at ein skulle planleggje og gjennomføra eit speidar eller småspeidermøte. I staden for å ha verkelege speidarar skulle vi være markørar for kvarandre. Dette var noko som utvikla seg til å til slutt ta heilt av og blei etterkvart nokså alvorleg rolleleik. Vi leika oss inn  roller til desse små speidarane, og på den måten fekk me etter mi meining svært godt innblikk i korleis ein småspeidar tenkjer.

I dag er det mange firma som kan finne på å sende leiargrupper på kurs som går ut på å sove ute

i skogen i telt og å spise mat på relativt primitivt sett, Norges Speiderforbundhar drive med dette som ei del av ledarutdanninga i hvertfal over 30 år. Eg meiner den norske skulen har mykje å læra av speidarrørsla. I helga var eg med å arrangerte kurs og vi diskuterte mykje omkring at skulen i dag har mykje å læra av speidarrørsla. Berre det å la leik væra einaturleg del av ein læresituasjon er grunn nok åleinne for at eg synes skulane burde sjå til speidarrørslafor inspirasjon. Her er nemleg leiken komen inn som ein del av undervisinga. Når ein går inn i ei rolle som småspeidar (8.10 år) er det utuleg kor mangen lys som går opp for ein med tanke på korleis ein småspeidar tenkjer og oppfører seg.

Leik som avveksling kan være svært nyttig, som speidarleiar har eg alltid eit par leikar i bakhand i tilfelle eg må improvisera. Då verker leiken som eit naturleg avbrekk og gir energi til vidare konsentrasjon. Ein lærar seg og ein masse ting gjenom forskjellige leikar, berre noko så enkelt som å læra seg å fylje reglar kan for somme væra nyttig lærdom.

Leik kan etter mitt hovud brukast på to måtar i skulen, anten som avbrekk og ispirasjon, eller som ein del av sjølve lreprosessen. Eg har personleg god tru på at å blanda desse to måtane å innvoøvera leik på vil gje eit godt resultat.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Hei Ole Jacob!

Kjekkt innlegg å lese, då det kom med eksemplel frå eigne erfaringar. Noko som eg tykkjer gjer innlegget meir spanande med ein gong.

Det verkar som om du har ei klår meining om at dine erfaringar frå speidarrørsla er noko du kan høste frukter av i lærarrolla. Bra, for det er viktig å spela på alle strengene ein har, ikkje berre nokon få av dei.

Det einaste eg saknar litt i innlegget ditt, er korleis du vil nytta leik i ein læringssituasjon i skulen. Nokon forslag?

Ingrid

Ravn sa...

Ja, deilig og kune svare på ei utfordring på denne måten. På mandag skal eg ha ei gruppe fraandspråklege elevar i tilpassa norskopplæring, tema for timen vil være alfabetisering. Ei av aktivitetane eg har lagt opp til er at elevane skal stille seg opp på rekke. Alfabetisk etter føranamn, etternamn, gateadresse, heimland osb. På denne måten håper eg at elevane vil få trening i å alfabetisere, samarbeide og kommunisere utan at dei opplever dette som kjesamt. Eg vil "lure" dei til læring gjennom leik.

Steinar sa...

Å sjå på leik som både læring og avkopling trur eg er eit godt utgangspunkt for bruk av leik i skulen.

Det er også interessant å lese at leik er ein viktig del av speidarrørsla, kan du seie noko meir omkorleis leik blir brukt der?