mandag 4. mai 2009

Speidarmetoden - noko for skulen..?

I det førre innlegget mitt skreiv eg om leik i og rundt læring. Sjølvsagt trakk eg parallellar mot speidarrørsla. Steinar stilte meg eit spørsmål omkring korleis leik blir nytta i speidararbeidet. Eg har difor bestemt meg for å fortelje litt om speiding og om kva eg trur skulen kan læra av speidarrørsla.

Litt fakta først:

Speidarrørsla vart starta av General Robert Stephenson Smyth Baden-Powell, seinare Lord Baden-Powell of Gillwell. (BP)

Det heile start med at BP skreiv ei bok som heite "Scouting for boys", denne boka var meint som ei lærebok for unge gutar i den britiske hæren.

Ein reknar starten for å være 1. august 1907, då BP samla ein gjeng tilfeldige gutar til leir på Browsea Island utanføre sørkysten av England.

Byggjer på militære tradisjonar.

Speidarrørsla er i dag den største ungdomsrørsla i verda med over 40 millionar speidarar i over 160 land. (ca 30 millionar i WOSM - og 10 millionar i WAGGGS dei to største verdsforbunda)

Viktige prinsipp er likskap, sjølvstende og samhald.

Kva kan skulen så læra av speidarrørsla?
Speidaren har eit sosiokulturelt-behavioristisk verdigrunnlag, (der trur eg at eg sjølv er og) dette vil eg forklare ut frå to argument. For det fyrste er ein speidartopp oppbygd etter miletære prinsipp, og ein deler ut utmerkingar for det meste. Dette er synlige bevis på at ein har oppnått noko og gjev status. Dei er spesielt synlige i og med at dei fleste skal festast til speidardrakta, eller uniforma. Som speidar ser ein med ein gong på speidardrakta til ein annan kva funksjon den andre har, samt rang og alder. (eining – det er forskjellige opplegg for forskjellige aldersgrupper, Bever, småspeidar, stigfinnar, vandrar, rover og leiar.) Ein kjenner og som speidar godt til at dersom ein gjer noko gale så får dette konsekvensar, dovask er ein vanleg trussel for å få speidarar til å gjere som dei skal. Samstundes som uniforma forteljar om rang o.l. fungerer den og samlande. Dersom eg kor som helst i verda ser nokon med speidardrakt, eller skjerf går eg som regel alltid bort og slår av ein prat, eg veit med ein gong at me har noko til felles. Speidarane vert organiserte i patruljer, dette er som regel grupper på 5-9 speidarar som jobbar fast saman over fleire år, kvar patrulje lagar si eiga identitet og skapar såleis eit indre samhald. Patruljane blir leia av ein Patruljeførar (Peff) og ein Patruljeførarassistent (Ass), Desse er som regel dei to eldste i patrulja og tar såleis meir ansvar enn dei andre, dei står og for opplæring og undervising av dei yngre medlemmene i patrulja, slik lærer ein seg gradvis å ta meir og meir ansvar. Patrulja skal fungere som ein eining, ein skal utfylle, støtte og læra av og med kvarandre. 
Denne kombinasjonen av Behavioristiske idear, med belønning og straff, og sosiokulturelle idear med fellesskap, likskap og samhald har eg tru på at er grunnen til at speidarrørsla stadig er på frammarsj.

Behaviorismen og Sosiokulturismen er etter mitt hovud to ytterpunkt i det pedagogiske landskåpet, likevel har eg tru på at nettopp det å kombinera desse to ytterpunkta burde gjerast meir. Som eg tidligare har skrive meiner eg at ein ikkje bør setja seg i ein bestemt pedagogisk bås, men heller vera ei kyr i ein open fjos og fritt vandra frå bås til bås. Dette blir eg meir og meir overtydd om. I ein diskusjon kring LK06 med leiarkollegaer i frå speidarrørsla, kom me fram til skulen gjennom LK06 no nærmar seg vårt treningsprogram, og at idear og metodar som no blir tatt i bruk er ting me har drive med i hundre år allereie. 
Så til slutt vil eg svare på det opphavlege spørsmålet til Steinar, om korleis ein bruker leik i speidarrørsla. Leiken har etter mitt hovud tre funksjonar.
1 Motiverande
2 Lærande
3 Kamuflerande
Leik er gøy, det å bruka ein leik til å brekka opp noko tørt og keisamt trur eg vil virke motiverande og stimmulerande.
Når ein har det moro fungerer hjernen betre. Dette er ein påstand eg har kome på heilt av meg sjølve og eg har ingen vitskapelege bevis for dette. Eg har likevel eit argument for at dette er høve, når ein skal læra seg noko som i utganspunktet er keisamt, t.d. namna på dei amerikanske statane eller nye namn er det mykje lettare å gjere dette gjennom leik.
Nokre gonger må vi gjere ting som ikkje er veldig moro, då kan det vera greitt å kamuflera dette. I staden for å bæra ved til hytta arrangerer vi gjerne ved-stafett, på den måten blir arbeidet leik og ein gløymer at det ikkje er moro.
Det første punktet er lett å få inn i skulen, ved å brekke av ein lengre teoriøkt med ein leik. (eller ein song)
Å læra gjennom leik kan ein gjera på mange måtar, gjennom t.d. spel, drama og organiserte leiker. (namneliker)
Kamuflert undervisning som verkemiddel kan t.d. nyttast i engelsk, gloselæring som bingo, lekseprøvar som lagkonkurranse.
Dei tre døma over kunne alle vore henta frå speidarrørsla. Det er og viktig å ikkje stoppe med leike-aktivitetar fordi ein blir eldre. Dei vaksne må og delta, og det må leikast sjølv om det berre er vaksne til stades, då spesielt av dei to første funksjonane.

Kjelder:

www.scout.no - NSF - Norges Speiderforbund

www.scout.org - WOSM - World Organisation of the Scout Movement

www.wagggsworld.org - WAGGGS - World Assosiation of Girl Guides and Girl Scouts


Ingen kommentarer: