tirsdag 2. september 2008

Kvifor er eg lærarstudent, og kva er ein lærar?

Eg har no vore lærarstudent i ca to og ei halv veke Det er derfor naturleg å reflektera litt over kvifor. Kvifor vil eg bli lærar? Det er eit ganske omfattande spørsmål som eg ikkje kan svara på med eit enkelt svar, men med fleire enkle svar.
Det var eit par ting som fekk meg til å innsjå at det er dette eg vil:

1:   Etter mange år som sikkerhetskontrollør og instruktør i Securitas fant eg ut av tre ting:
-eg liker å arbeide med mennesker.
-eg liker å læra fra meg og eg har anlegg for dette.
-eg er god på å tilegne meg kunskaper og videreformidle dei.

2:   Sommaren 2007 reiste eg som speidarleiar på den 21. verdensspeidarleiren i England, i lag med tre andre hadde eg ansvare for ein tropp som besto av ca. 30 speidere. Eg merka då at eg har evne til å væra i autoritet samstundes som eg kan ha det moro saman med dei eg er ein autoritet for. Eg fann og ut at dette er ei rolle eg trives i.

3:   Våren 2008 fekk eg tilbod om å ta imot ei stor utfordring, ein fådelt skule mista ein lærar og eg blei spurd om eg kunne vera vikar frå påske og ut skuleåret. Dette viste seg å i være ei stilling som kontaktlærar for både sjette og sjuande klassa på denne skulen. I dag fattar eg ikkje at eg turde å seie ja, sjølv om det må seiast at dette alt i alt var ein fantastisk oppleving med gode kollegaer, kjekke elevar og takksame foreldre.

Ein annan ting det og er litt naturleg å tenkje litt på er kva ein lærar eigentleg er. Tidlegare va ein lærar ein som banka kunnskaper inn i hovudet på andre. Kanskje er det framleis dette, men det er også mykje meir. Ein lærar er i dag ein omsorgsarbeidar, oppdragar, ven og kunnskapsinnbankar. Dette er mange ganske varierte roller og det skal ein del til for å klara å løysa alle på ein gong.
Det trengs altså litt av ein supermann til for å klara alle desse rollene på ein gong. Eg trur det er viktig å heile tida settje seg mål og delmål, både til seg sjølv, til klassa og til den einskilde eleven. Det er viktig at måla er realistiske, at ein arbeider bevist mot dei, og at ein er i stand til å takla det om ein ikkje skulla klara å oppnå alle. Det å få til alle rollene høyrest på ein måte uoverkommeleg ut, men enkelt kan ein seie at det handlar om å gi av seg sjølve og væra eit sunt førebilde og medmenneske for elevane.

OJ.

1 kommentar:

Steinar sa...

Hei! Eg trur absolutt den mangesidige erfaringsbakgrunnen din vil hjelpa deg i lærargjerninga!

Du skriv at du var ein autoritet blant speidarane, i pedagogikkfaget er det ofte snakk om at det er ein skilnad mellom ein autoritær og ein autoritativ lærar. Søk på nettet etter desse omgrepa og skriv så nokre ord om korleis du ser på skilnaden mellom desse to.