fredag 26. september 2008

Mitt pedagogiske grunnsyn.

Kor er mitt pedagogiske grunnsyn forankra? Det er spørsmålet eg liksom skal svara på no. Svaret er eigentleg ganske enkelt, eg veit ikkje. For det første kan eg ikkje seie at den eine teorien er betre enn den andre, det har eg ikkje nok erfaring til. Det einaste eg har funne ut fra den lille erfaringa eg har er at ingen born er like, dermed må me behandla dei ulikt og. tilpassa opplæring er ikkje berre populært for tida, men det er noko som er krevd at alle skal få. Eg trur nokså bestemt at det som får ein elev inspirert ikkje nødvendigvis virkar på nestemann. Arestoteles meinte at born var ein leirklump som måtte formas medan Sokrates meite at born allereie hadde kunskapene og at ein lærars oppgåve berre er å hjelpe til å forløyse den. Kanskje hadde dei litt rett begge to. Eg tenkjer at eg må ta det som eg finner meiningsfylt frå alle retninger og anvende det slik eg trur er best. Gjere teoriar om til praksis og få eit eigarforhold til dei.

Eg har per dags dato ikkje noko definert pedagogisk grunnsyn, eg har heller ingen planar om å bestemme meg for ei enkelt retning når eg er ferdig på lærarskulen. Grunnsynet mitt vil sansynlegvis forandra seg både når eg er student, når eg er lærar og når eg ein gong blir pensjonist.

Det viktigaste med pedagogikk faget, trur eg må vera å få auka kjenskap til forskjellige læreteoriar, bruka dette som inspirasjon og bli i stand til å bruka det eg sjølv trur fungerer. Eg har ikkje noko tru på å bli fastlåst i ein teori og sjå bort i frå dei andre. 

Trur kanskje eg eigentleg ikkje har svart så godt på spørsmålet her, men eg føler eg har gjort godt rede for kvifor eg ikkje kan seie at eg har noko klart definert grunnsyn ennå.

3 kommentarer:

Steinar sa...

Det å utvikle eit pedagogisk grunnsyn er heilt klart ein prosess som tar tid, derfor skal ein også la det ta tid- du er inne på noko der i innlegget ditt. Men, reint intuitivt, og på begrensa erfaring, føler du det mest vel i ein tradisjonalistisk eller ein progressiv pedagogikkleir?

Ravn sa...

No synes eg du er ekkel Steinar, eg synes ærlig talt eg hadde vore svært flink her og svara oppoppgåva utan å eigentleg gjere det. Eg var svært nøgd med dette. Men eg skal ta utfordringa di og prøva å definera mitt ståsted i dag.

Eg er vel ein av dei som synes mykje om framgangsmåtane og ideane i den progressive retninga og kanskje på ein måte trur eg høyrer til der. Samstundes vil eg nok veldig raskt vil ty til grep som passer betre i den tradisjonalistiske leiren. Ein kan vel kanskje seie at eg befinner meg midt i mellom. Eg er nok eigentleg innst inne mest tradisjonalistisk, men samstundes er eg open og svært klar til å testa ut og ta i bruk meir progressive idear og metodar.

Eg har lyst å samanlikne dei to retningane med dei to politiske ideologiane som dominerte verdsbilete då eg vaks opp. Nemleg kapitalismen og kommunismen. Det blei gjort forsøk på rein kommunisme i diverse austblokkland og det viste seg til slutt at det fungerte ikkje så godt i røynda som i teorien. Framleis herskar deg meir eller midre rein kapitalisme i USA, og det er vel få land kor skjilnaden mellom rik og fattig er større og vanskelegare å gjere noko med. Kva er det eg så eg vil fram til her? Jo, beggje desse politiske retningane er i teorien svært gode, men ingen av dei funkar heilt som dei lover i praksis. Det har derimot vist seg at land som har nytta idear frå beggje retningane har komt særs godt ut. Min påstand er at Noreg er eit slikt land, kor vi mellom anna blandar statleg og privat eigeskap i industrien. Det er vel få som kan seie at vi har det noko spesielt dårleg her på berget. Eg trur hemmelegheita til dette ligg i at ein i Noreg har trekt det beste ut av dei to politiske retningane.

Derfor vil eg ikkje settje meg sjølv i korkje den eine eller den andre båsen, men vil gjerne halde til i ein "fjos" kor eg kan fritt vandre fra bås til bås og prøva å ta med meg det som eg fin nyttig i beggje leire.

Steinar sa...

OK, svaret ditt grunngir godt kvifor du ikkje vil svara, og det godtek eg:-)

Samanlikninga med dei politiske leirane er også relevant, eg er nok også for ein blandingsøkonomi, også når det gjeld pedagogikk!

(Bonuspoeng for langt svar:-)