mandag 2. februar 2009

Byggje ei bru...

Konstruksdjonsprosjekt.

Våren 2009 skulle me få prøva oss som konstruktørar, nokre skulle få konstruera framtidas skule, andre skulle prøve lukka med programering og lego medan me i den siste gruppa skulle konsentrera oss om brukonstruksjonar. Me hadde valet mellom å byggje ei hengebro eller ei fagverksbro.

Når eg var på speidarleir sommaren 2003 var tema for leiren: byggje ei bru. Det var då to kretsar med svært ulik kultur som arrangerte leir saman. Kretsane er skilde av fergestrekningen sandvikvåg - Halhjem. Dette er eit godt eksempel på at det å byggje ei bru og kan ha ei overførd meining, nemleg det å binde ting, personar, rupper eller lignande tettare saman. Om ikkje dette var meininga med dette prosjektet for dei som "konstruerte" sjølve oppgåveteksten så opplever i alle fall eg at dette vart ei heldig "bi-effekt" i mi gruppe. vi blei enda betre kjend og vi hadde det tross stress svært moro.

måndag 12.01

Vi hadde ei fagleg innføring på skulen. At det kunne seiast så mykje om bruer overraska meg ein del, men overraskande mykje sat fast. Vi fekk og prøve oss som konstruktørar med coctail-pinnar og erter. Eg merka at her kom gutungen fram i meg, og at eg var litt missunneleg på dei som skullle byggja i lego... Siste tingen vi gjorde i klassa var at vi skulle lage ei enkel hengebru (eigentleg skråstagsbru) av raier og tau. Som aktiv speidar merka eg fort at dette var moro, men det forbausa meg at så få kunne ein enkel knute som dobbelthalvstikk... På vegen heim blei me einige om å møtast neste dag hos Heidi, og om at me skulle laga ei hengebru i papp.

tirsdag 13.01

Vi brukte først ein del tid på å sjå på ulike  bruer på nettet, vi trengte inspirasjon. Vi bestemte oss ganske plutseleg men  bestemt for å la brua vår bli designa med inspirasjon fra Clifton Suspention Brindge i Bristol, England. Denne brua er teikna av den ikkje ukjende 1800-tals ingenøren Brunel. I og med at vi skulle gjere ei framføring tenkte me at dette ville gi oss litt ekstra relevant stoff å snakke om. Vi brukte så ein del tid på å komme i gang med byggjinga. Borghild kjørde heim for å låne det viktigste verktøyet ein har når ein lagar hengebru i papp, nemleg limpistol, medan heidi og eg jekk på shopping for å få tak i det me trengte som me ikkje hadde, nemleg ståltrå, fyrstikker(vi hadde fyrstikker, men vi trengte fleire... -og etterkvart endå fleire...). Når vi endeleg kom i gong byrja vi i motsettnad til Brunell utan å ha tenkt heilt på korleis me skulle løyse alt praktisk. Noko av det første vi gjorde var å konstruere vegelement som seinare skulle koplast saman og hengjast opp induviduelt. Korleis dette skiulle kjerast viste me enda ikkje. Brutårna blei og konstruerte, av tomme Dolly Dimple's esker. Dei var svært nøyaktige og frie kopiar av brua til Brunel. I dette legg eg at vi kopierte dei fleste detaljene, men at målestokken ikkje var heil 100%. (Kanskje ikkje ein gong 50%, men det var det estetiske som var viktig, og at det virka.) Det må og leggjast til at me blei servert Pasta-bolognese av Heidi

onsdag 14.01

Neste dag skulle me vera heime hos meg, noko som medførte at eg endeleg måtte finne litt tid til å ryddde spisebordet... Me fortsatte der me slapp. Eg fekktak i ei flytteeske som vi  kunne lime kreasjonen fast til. Vi jobba godt saman denne dagen, og blei på god veg ferdig, løste store problem som korleis å henge broelementa saman og opp. Som dei seier hos Rema 1000, det enkle er ofte det beste... menyen for dagen var bestemt av Borghild dagen før, eg serverte Fajitas, og sjølv om ein gjerne ikkje bør skryte for mykje av seg sjølve så må det seiast at det var svært godt.

torsdag 15.01

Dette var dagen då eg skulle få besøk av ein engelsk hippie/dirigent, han skulle komme med flyet fra londin i halv fire-tiden. Me møttes tidleg heime hos meg, og prøvde og få oversikt over kva som gjenstod. Me oppdaga at det meste som stod att var kosmetiske ting som me orda raskt, me snakka litt om kva me skulle seie om brua når me skulle vise henne fram fyrste gongen. Når dette var gjort fann me ut me skulle byrja å forbereda presentasjonen. Me ville gå på internett å lesa meir om brua me hadde tatt inspirasjon frå. Det viste seg at nettforbindelsen i leiligheita mi var ute av drift. Det heile endte med at me bruka dei siste tre timane denne dagen på å spela brettspelet Carcasonne. Sjølv om det kan høyrast ut som dårleg utnytting av tid trur eg likevel me fekk mykje godt ut av dette, når ein jobbar så tett saman som me gjer er det viktig å  ha det litt moro saman og. Meny for dagen: ferske rundstykker.

fredag 16.01

Denne dagen forsov eg meg, eigentleg ikkje så rart i og med at eg hadde sitte oppe til klokka tre på natta å sett på bryllupet til dirigenten min på DVD. Me skulle til Stord denne dagen, me hadde rekna med ekstra god tid slik at me skulle få gjort siste finpuss før me skulle visa den fram, og godt var det. sjølv om brua vår viste seg å vera svært så solid fant me likevell ut at det ikkje er ideellt å ha ho i eit bagasjerom saman med ein bovling-bag, spesielt ikkje om det er krappe svingar og ein kjører fort gjennom dei... Skadane var likevel ikkje større en at dei lot seg fikse. Me så ut at brua ikkje skulle visast før på mandagen... Me byrja difor å planleggje framføringa som me som var nesten ei veke fram i tid.

måndag 19.01 - onsdag 21.01

Desse dagane bruka me på å forbereda framføringa, me fortsatte å sittje heime hos kvarandre, me produserte ein del powerpointar og ein film som me ville bruke under framføringa. På onsdagen skulle me vere heime hos Borghild og ho hadde lova å laga middag til oss, for å gjere historien kort kan eg berre seie at faren til Borghild laga ein svært god pizza. Me møttes og heime hos Heidi og hadde ein slags generalprøve på framføringa.

torsdag 22.01

Dagen var komen til den store framføringa, me var nummer to ut , og hengbru nummer to. Det føltes litt rart sidan gruppa før oss hadde lagt vekt på mykje dei samme tinga som oss. Etter litt tekniske problem fekk me til slutt orden på teknikken. Me starta med å spela eit slags dikt basert på "ungane på risøyno" lese av Haugesundordførar Petter Steen jr henta frå Jan Ingvar Toft si plate "til minne om deg". Me fortsatte med presentasjonen kor me veksla mellom å bruka powerpoint, snakka fritt og å bruka modellen som illustrajon. Planen var å avslutte med ein film som viste mange brutyper, men diverre spelte ikkje teknikken på lag med oss. 

måndag 26.01 - tirsdag 27.01

Desse dagane brukte me på å planlegge undervisingopplegget vårt, etter tips frå rektor på Hauge skole bestemte me at elevane skule få laga eit "anbud" på fastlandsforbindelse til Vibrandsøy. Me ville først gi elevane ei innføring i bruer og i konstruksjon. 

Planen blei som følger:

1. time: Ein presentasjon av bruer med hjelp av powerpoint.

2. time: Elevane skulle få prøve seg å konstruere på same måten som me gjorde, men med fyrstikker og plastalina i stadenfor coctailpinner og erter.

3.-5. time: Elevane blei delt inn i grupper og skulle finne svar på følgande spørsmål: -Kvar skal brua vere? -Kva slags bru? -Kva skal øya brukast til? Kva vil dette ha å seie for byen og nærmiljøet? Vidare skulle dei illustrere korleis brua ville sjå ut med å teikne henne, og forebu ei presentasjon for klassa.

6. time: Denne timen var satt av til å presentere dei ulike gruppene sine arbeider.

torsdag 29.01

Då eg er tillitsvald i klassa var eg ikkje med på sjølve utprøvinga av opplegget sidan eg var på læringsmiljøkonferansen. Eg har snakka med dei to andre i gruppa å fått vete at det gjekk ganske bra, og at elevane blei engasjerte i arbeidet. Dette velger eg å tolke slik at det sansynlegvis har vore eit vellukka opplegg.

Konklusjon

eg tør å påstå at gjennom å ha jobba med bruer og brukonstruksjoner gjennom to veker har eg blitt mykje meir bevisst på kva ei bru er og kva som gjer at den held seg oppe, dette er noko som tyder på at det er lærerikt å jobbe i grupper. Eg har og hatt det mykje både moro og fortvilande saman med dei andre i gruppa, me har således blitt mykje betre kjend med dei.

Gruppearbeid er altså ei flott måte å tilegne seg kunskaper og å bli betre kjend med folk, samt at ein lærer seg å ta hensyn til kvarandre. Ein oppnår således meir enn ein ting med å jobba saman i grupper, dette meiner eg er ein god grunn til å jobbe på denne måten.

¨

1 kommentar:

Steinar sa...

Innlegget ditt startar med ein fin konklusjon, at prosjektet også handla om brubygging på det sosiale gruppenivået. Det er nyttig lærdom kanskje like viktig som den fysiske konstruksjonen, og det saknar eg refleksjon omkring i teksten din.

Trivnad og god mat kan klart vere viktige ingrediensar i ein slik prosess, og slike sider kunne derfor gjerne ha reflektert meir direkte om. No har teksten slagside, svært mykje av plassen går med til gjennomgong frå dag til dag, og det blir derfor for lite refleksjon.

Du kunne og ha knytta meir refleksjon til presentasjonen, som hadde fleire interessante sider ved seg. Kvifor valde de for eksempel å starte med dikt og Petter Steen jr.?

Eit anna poeng som du kanskje kunne reflektert omkring, er valet av å gi elevane ei lokal forankra designoppgåve. Fordelar med det?

Elles er det bra at i alle fall du kan dobbelt halvstikk, forstår at det var fleire som sleit med det. Eg trur du redda brua med den praktiske kunnskapen!