søndag 30. november 2008

Pedagogikk, berre svada eller matnyttig..?

No er det snart jul og eg synes difor det kan vera naturleg å stille spørsmålet: Har eg eigentleg lært noko dette halvåret eg har hatt pedagogikk? Svaret er ja, og mykje meir enn eg hadde trudd... 

Det viktigaste er nok at eg har innsett viktigheita av dette faget. Før semesterstart tenkte eg at at pedagogikk det var berre svada og synsing, og det er forsåvidt sant det. Men eg vil påstå at det er faktisk nyttig å ha kjenskap til faguttrykk og bakgrunnen for ulike teoriar. eg har og blitt meir bevist på kva grep eg vil gjere i forskjellige situasjonar og eg kan no mykje betre argumentera for kvifor.

Eg har og lært noko eg sjølv aldri skal gjere, eg er nemlig ein av dei som heilt klart jobbar best under press, eg blir som regel alltid ferdig tidsnok, men dersom ein frist blir utsatt blir eg likevel ferdig i siste liten. Eg skulle difor ønske at det var eit studiekrav å levera førsteutkast på matte/ped-oppgåva på den opprinnelege fristen, då hadde det vore gjort. Men, eg har hatt ei travel helg og no lignar det etterkvart på noko...

Men, no skal det bli godt med jul.

1 kommentar:

Steinar sa...

Hei!
Du føregrip blogginga for neste veke! Dette er ikkje tema for denne veka, det er læringsstilar/læringsstrategiar. Så kva meiner du om det?

Det andre temaet, om erfaringar med faget, skal du få komme sterkare tilbake til neste veke. Og ja, du må nok gjere det på nytt..............