fredag 3. oktober 2008

Ei godt planlagt økt er ei god økt for elevar og lærar(ar)

Denne overskrifta står eigentleg godt åleine synes eg. Eg merkjer at det er ein del av meg som har lyst å la den stå åleine, men eg skal la være. Eg skal difor fortelje om to opplevingar eg har hatt som lærarvikar.

For snart sju år sida gjekk eg å venta på å avtene verneplikta mi, eg skulle møte i mars og eg hadde derfor nesten eit heilt skuleår å venta før eg kom inn. Eg var då 21 år og denne tida brukte eg på diverse småjobbar. Mellom anna jobba eg som timevikar for skular i ein kommune her i distriktet. Desse to hendingane eg no skal fortelje om skjedde med ca. ei vekes mellomrom. Eg skulle i beggje tilfellene vera vikar i dobbelttime teikneforming i åttande klasse, men på to forskjellige skular.

Fyrste tilfelle fekk eg beskjed når eg ankom skulen at i eit gitt klasserom satt det ein klasse å venta på meg. Eg lurte på kva som skulle skje og blei fortald at dei skulle ha teikneforming. "Men kva held dei på med i teikning då", spurde eg. Eg blei fortald frå han som hadde tilkalla meg at det viste ikkje han fordi læraren som skulle ha dei var sjuk, eg fekk berre finne ut av det. Når eg ankom klassa prøvde eg å finne ut om det var noko spesielt dei holdt på med, men elevane var mykje meir opptatt av ein konflikt som hadde vore i friminuttet føre. To elevar spurde meg om dei kunne gå ut på gangen og "snakka ut". Dette tillot eg og før eg viste ordet av det hadde halve klassa forlatt klasserommet. Klassa fekk ikkje gjort noko fornuftig desse to timane og eg hadde inga kontroll. Når eg beklaga meg til ein lærar eg kjede frå før av etter timane på lærarværelse fekk eg berre kommentaren at dette var jo den kjekkaste og greiaste klassa på skulen.

Andre tilfelle, ei lita veke seinare blei eg ringd opp og fortald at eg kunne få seks undervisningstimar om eg ville. Eg kom på skulen og fekk timeplanen i handa. Fjerde og femte time, teikneforming i ein åttande klassa stod det. Eg kjende kor panikken kom, dette ville eg ikkje, men rektor, som hadde kontakta meg, gjekk gjennom opplegget som læraren som var sjuk hadde overlevert og overtalte meg til å gjere eit forsøk. I storefr snakka eg med fleire lærarar som eg kjende frå før. Dei spurde meg ut kva klasse eg skulle ha. Då eg svarte blei det stille ei lita stund før ein av lærarane braut ut: "Stakkars deg, vikar i teikning, også i den klassa..." Eg fekk forståinga for at dette var ei verstingklasse. Eg sat med meg sjølv og reflekterte over kor dårleg akkurat det same hadde gått for ei veke sida, og då var det med ein "snill" klasse. Eg hugser at eg tekte at to skuletimar er halvannan kloketime, altså nitti minutt, 5400 sekund. Om berre 5400 sekund kunne eg gå heim. Det ringte inn, eg beit tenna saman og bestemde meg for å kjøpa is eller chips å trøstespisa etter dagen var over. Det første eg gjorde var å presentera meg, så gjekk eg gjennom opplegget for timen og deretter fekk eg ei overasking. Alt gjekk bra. Læraren som skulle hatt klassa hadde laga eit oppleg til dei som kven som helst kunne gjennomføre. Denne timen med "Verstingklassa" hugser eg framleis svært godt, eg opplevde ein stor porsjon meistring og eg reknar det framleis som ein av dei beste timane eg har undervist. 

Desse to forteljingane viser kor viktig det er med god planlegging. Dei illustrerer og viktigheita av å gjere dette skriftleg. Dersom det er godt planlagd kan nokon adre steppa inn dersom det er nødvendig. 

Det er viktig å vite:

  • kva som skal gjerast
  • korleis det skal gjerast
  • det er og ei fordel å ha gjort seg nokon tankar om kvifor ein gjer dette, greit å kunne gi eit godt svar til elevar som lurer.

Den som planlegg må derfor:

  • kjenne elevane
  • kjenne skulen sine mogelegheiter og begrensingar

 I den fyrste forteljinga var desse punktene mangelvare, og timen gjekk dertil. Den andre var desse punktene tatt hesyn til og både eg som vikar og elevane hadde ei god oppleving med det.

I "diamanten" er det og eit sjette punkt som heiter evaluering, dette trur eg er spesielt viktig for ferske lærarar, men samstundes kanskje litt unødvendig å føra opp. Eg trur at alle evaluerer seg sjølve heile tida både bevist og ubevist.

4 kommentarer:

Steinar sa...

Flotte praksisforteljingar her som godt illustrerer kor viktig planlegging kan vere!

Avslutningsvis skriv du om vurdering, her bør du utvide litt, for det er vel ikkje berre vurdering av deg som lærar dette punktet handlar om?

(Dette svaret er eit eksempel på at ledande spørsmål kan ha sin funksjon:-)

Geoff sa...

Eg kan godt forstå kvorfor du hadde problemer med den første opplevelsen. Ingen veiledning eller beskjed i det heile tatt. Hvis vi gå i ei klasse med tanken med vi kan gjør kva som helst så kan det bli det samme som ingenting. Å improvisere er viktig, men en klart start punktet eller mål er nødvendig først. Eg har ikkje opplevd dette som lærer endå men flere ganger som student.

Med tanken av den diamanten så tenker eg at å bruke alle punkter er ikke nødvendig i kvar time eller dag, men vi kan ikkje heller prøv å ta det på sparken. Spesielt viktig hvis vi ikkje kjenner studenter så bra.

Ravn sa...

Steinar: Tanken med innlegget mitt var å illustrera kor viktig det er å planleggja. Som Geoff skriv i sin kommentar er det viktig å kunna improvisera, men ein må ha eit klart utgangspukt og/eller målsetting. I desse situasjonane blei eg kasta inn i det på kort varsel, i den eine hadde eg ingenting å gå ut ifrå medan eg i den andre hadde litt. I dramaen hadde vi på fredag om improvisasjon i rollespel. Før vi starta blei vi satt inn i ein situasjon, dette gjorde improvisajonen lettare. Hadde vi fått beskjed om å improvisera, og ikkje noko meir hadde det sansynlegvis ikkje blitt noko av det i det heile. Når born skal leika ein rolleleik diskuterer dei gjerne rammene på førehand, fordeler roller og liknande. Utan desse avtalane på førehand vil sansynligvis ikkje leiken fungera.
Altså, har ein ein plan fungerer ting betre, dersom det viser seg at planen er mangelfull eller rett og slett dårleg har ei i allefall noko å ta utgangspunkt i når ein improviserer. Utan ein plan i det heile er det lett for att ting fell i grus. Dette gjeld ikkje berre i klasserommet.

Ravn sa...

Geoff: Eg er heilt einig i at ein kanskje ikkje treng å tenkja gjennom alle punkta i diamanten føre kvar time. Men, det å ta ein heil time på sparket er ikkje noko gog løysing det heller, uansett kor godt du kjenner elevane. Eg trur og at dersom du tenkjer gjennom eit eller fleire av punkta i diamanten så vil dei fleste gjere seg opp ei meining om resten og sjølv om ein gjerne ikkje er bevisst på det. Eg gjorde meg opp tankar om alle desse punkta når eg planla økter i klassa mi i vår. Dette sjølv om eg ikkje hadde hørt om diamanten før eg byrja på HSH i haust. Kanskje kan ein seia at diamanten er eit godt konkretiseringsmiddel for å få lærerar til å forstå korleis dei faktisk tenkjer..?