søndag 23. november 2008

Det sosiokulturelle perspektiv.

Innholdet i denne teorien ligg eigentleg ganske mykje i namnet. Det er satt saman av Sosial og kulturell. Ein kan då forstå det som at læring er ei sosial greie og skal foregå i like stor grad mellom mennesker som induviduelt. Kultur kan ein forstå på mange måtar, det betyr ikkje at ein skal lære gjennom teaterbesøk og klassisk musikk. (Sjølv om eg trur dette og kunne vore svært nyttig.) I denne samanhengen viser kultur tilbake på den opprinnelige tydinga. (Her hadde eg tenkt å "cut'n'paste" frå ordbok på nette, men den låg selfølgelig nede...) Dersom eg hugser rett kjem det frå gresk og tyder å dyrke noko fram. Sosiokulturallisme kan ein difor seie at tyder noko slikt som framdyrking av kunskaper hjå mennesker i ei sosial setting.
Det er og lagt svært mykje vekt på bruk av verkty i læringa, ikkje nødvendigvis verkty som hammar og sigd, men gjerne dette og. I det Sosiukulturelle perspektivet hevdar ein gjerne at språket er eit verkty, etter mi meining er dette heilt klårt det viktigaste. Då eg tvilte på det eg blei lærd angåande dei største lanna i verda tok eg i bruk internett som eit verkty, og for å bruke internett var det ei forutsetting at eg beherska språk som verkty.
Det sosiokulturelle perspektivet byggjer heilt klårt på marxistiske verdiar, og eg må seie eg synes det er ironisk at det er fyrst etter komunismens fall i Aust-Europa at den har fått sin renesanse. Det er også heilt klårt for meg at det er fult mogeleg å forklara LK06 ut frå det sosialkulturelle perspektivet. Eg har ein gong høyrt ein utanlandsk samfunnsvitar uttala noko slikt som at Noreg er det nermaste eit vellykka komunistisk land verda nokon gong har sett. Kanskje det er difor LK06 er blitt som det er blitt...

4 kommentarer:

REUNION 2011 sa...

Hei Ravn:) mye flott om sosiokulturell teori her.. du skrive ikkje om den proksimale/nærmaste utviklingssonen.. Kanskje d konne vore ein ide å skriva litt om den?

Steinar sa...

Ja, det er utvilsamt mykje å lære gjennom klassisk teater, ofte var det nok ei "folkeopplysande" tanke bak. Kan du gi eksempel på det, f.eks frå Ibsen??

Ravn sa...

Kjersti: joda, den proksimale utviklingssona er interessant, eg valde å ikkje skrive om den da klokka nerma seg styggeleg natt.
Steinar: No er eg ingen ekspert når det gjelder Ibsen...
Men eg tar utfordringen:
-En folkefiende
-Villanden
-Et dukkehjem

Steinar sa...

Trur du er inne på noko der, huskar du også kva bodskapen i desse var???