søndag 9. november 2008

Min veg til skulen, ei reise gjennom mange land... (Kognitivisme)

I pedagogikken denne veka har me lært om ulike hukommelses teknikkar. Vi testa desse ut i praksis og, JA, eg klarde fint å lære meg de 14 største landa i areal i rett rekkjefylje.

Her er historia som gjer at eg hugser dette:

Påveg til skulen på Stord kjører eg forbi Skeisvang VGS, skulen kor eg var russ. (Russland) Videre KAN eg kjøyre om Bleikemyr. (Canada) Då slepp eg å kjøre forbi Kvala, som etter mi meining er litt amerikanisert. (USA) Når vi kjem til Sveio føler eg at Sveio sentrum er som ei motsetting til Førde kor eg er frå. Og kva er vell ei større motsetting enn Kina. (Kina) Ved bensinstasjonen på haukås er det i bygd som heiter Tveita, av ein eller anna grunn er det mangen herifrå som er svært gode i fotball. (Brasil) På Hanaleite bur mor til ei eg kjenner som har vore utvekslingsstudent "down under". (Australia) På introhuset i Førde, ein skule for framandkulturelle med kafedrift, serverer dei heilt sikkert til tider Indisk mat. (India) På samfunnshuset er det heilsikker vore syngd "Don't Cry for Me Argentina". (Argentina) På vegen innover mot skogen derifrå ser eg for meg Vladimir Smirnoff på ski. (Kasakhstan) I Austvikesvingande var det ein gong ei ulykke kor ein afrikansk lege måtte rykke ut. (Sudan) I tunellen er vi under sjøen som har alger i seg. (Algerie) På Stordbrua kan eg sjå over til Moster, der har Kongen vore. (Kongo) Når eg kjem til Stord er det på ein måte ei ny øy. (New Zealand) I kantina på Rommetveit får me servert Mexikansk mat. (Mexico)

Dette var sjølvsagt ei aktivitet eg syntes var moro, men eg finn det likevel betenkeleg at medan eg leita på nettet for å finne ut av hovedstedene i desse landa fann eg og ut at New Zealand er på 75. i areal i verda...

Eg kjem aldri til å gløyme denne rekkjefylja sjølv den er feil.

OJ

7 kommentarer:

Steinar sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Steinar sa...

Javel, lista burde nok vore kvalitetssikra betre, men teknikken fungerer likevel:-)

Du skriv elles ingenting om kognitivisme som sådan, det må du gjere, så kva meiner du er dette perspektivet sine fordeler og ulemper i den praktiske skulekvardagen?

Just Ludvig Arnevik sa...

Eg ser òg attende på denne metoden som artig og effektiv. For meg òg kjem nok New Zealand alltid til å ha det trettande største landområdet.

Sett bort ifrå det, i kva for samanhengar ser du for deg å nytta denne teknikken i røynda?

Ravn sa...

Steinar: for å sei det kort. Godt poeng.
Dette er jo etter mi meining eit godt eksempel på korleis eg kan læra noko ved hjelp av kognitive prosessar. Kognitivitet er etter det eg har forstått eit begrep som forklarar dei prosessane som skjer når vi tenkjer. Og det var nettopp gjennom bevist tankevirksomhet eg lærde meg desse 14 landa. Det eg veit i dag er at det kun er dei 10 første landa som stemmer hundre% og at det er litt usemje i lærde kretsar korvidt Kina er større eller mindre enn USA.
Dei siste er mogelegens eit eksempel på noko vi snakka om i forbindelse med konstuktivismen denne veka. Desse landa stemde ikkje med mine mentale skjema, eg klarte ikkje å godta dette og eg gjekk ut å henta inn informasjonen eg trengde for å få bekrefta om det eg hadde lært var rett. Dermed , vil eg påstå at eg konstruerte kunskapen sjølv. (etter å ha blitt kjendt med deg no gjennom ca. eit halvt år vil eg nesten mistenkje deg får å ha putta inn desse "feila" med vilje, for å laga ei fin overgang til neste tema nemleg konstruktivismen...)
Steinar og Just: Denne teknikken er heilt klart ein teknikk som kan vere til stor nytte i skulen. Eg vil fortelje ei historie om ei jente eg kjenner. Korpset eg speler med hadde vore på konkurranse i Stavanger i byrjinga av November, vi gjorde det ganske godt og vi hadde alt byrja å snakke om kordan ting skulle gå i NM. Då kom det eit spørsmål frå henne:
-Kor ti er eigentleg NM?
Dialogen fortsatte slik:
-Det er i februar.
-Åja, kor ti er februar?
-Det er litt over ein månad etter jul det.
-Åja... Er det jul snart?
(...)
Seinare i samtalen kom det fram at jenta (Som då var elev på vgs) nettopp hadde lært seg sin eigen fødselsdato(!) og framleis ikkje kunne månadane i rett rekkjefølje...
Dette meiner erg kan vere ein stad kor slike teknikkar passar svært godt å bruke. Eit hus med tolv rom:
-Jan står i ganga
-det er fest i stova
-på kjøkkenet er det ei eske med Mars-sjokoladar
-apen som skal underhalde er på kammerset
-May står på badet å steller seg
-June spiller tuba i trappa
-juledekorasjonane står oppføre trappa
-Audun bruker badet oppe
-eg kan høyre Morten Abel si røyst frå sterioanlegget på søster sitt rom (nokon som tok den?)
-på tv'en i på tv-rommet ser eg ein ubåtfilm (eller denne?)
-Guns'n'Roses er på radioen på mitt rom (denne blei kanskje lett
-ved døra heng adventskalenderen min...
Eg merkjer eg er veldig klar til å lære henne månadane.
Dette er ei fin måte å lære seg ting som ein må hugse på, spesielt dersom rekkjefylja er viktig. Ulempen kan vere dersom ein lærer seg noko feil eller om ein lagar så lange rekkjer at ein bruker lang tid på å finne det ein skulle hugse.
trur eg har svart på alle spårsmål og konstruktiv kritikk no...

Ravn sa...

Ser foresten at svaret på kommentarane mine er lengre enn innlegget sjølve... Det seier vel sitt...

Borghild sa...

Bra Ole Jacob!! flott kommentar! :)

Steinar sa...

hahaha, bra jobba, Du kom seint, men godt (referanse til??), elles så likar eg også September When, Jakten på rød Oktober og November Rain, men eg likar dei best i omvendt rekkjefølge:-)