søndag 16. november 2008

Konstruktivismen

Eg merker eg liker dette ordet, det er positivt, læring og skule bør være det! Eg har allerede skrevet "bitte" litt om konstruktivisme i svaret på kommentarer frå førre veka. Men eg gjentek gjerne meg sjølv. (ref. Bruners spiralprinsipp)Vi har m.a. snakka om kognitive skjema (Piaget) denne veka. Det går no opp for meg at grunnen til at eg protesterte på list over dei største landa i verda var at dette ikkje stemte med mitt mentale skjema over verdas største land. Eg mistenkje Steinar for å gjere dette med vilje for å prøve å framprovosere ei slik reaksjon. Det eg gjorde da var å bruka den redskapen eg hadde tiljengeleg og prøva å finna svaret på det eg lurte på. Dette er i stor grad i tråd med konstruktivismen. Eg gjekk altså ut å konstruerte min eigen kunskap i staden for å berre godta det eg fekk høyre. Dette er og ein god illustrasjon på kva skilnaden mellom Konstruktivisme og Kognitivisme er.
Assimilasjon og Akkomodasjon er og to sentrale omgrep som me snakka om denne veka. Eg skal prøve å forklare desse omgrepa.
Assimilasjon:
I "Erasmus Montanus" av L. Holberg møter vi Rasmus Berg somstuderer på universitetet, og i likhet med lille Marius i Gift, får han overdose latin. Virkningen latin har på Rasmus er svært anderledes, han oversetter navnet sitt til latin og kommer attende til foreldra å snakkar berre latin. Han beviser at mora er ein stein og at fyll er bra. "En sten kan kan ikke flyve, Mor Nille kan heller ikke flyve, ergo Mor Nille er en en sten." "Den som er bedrukket legger seg gjerne til å sove, den som sover synder ikke, ergo det er ikke syndigt at bedrikke seg." Desse to dømene viser svært godt korleis rasmus misbrukte dei allerede eksisterande kognitive skjemaene hos foreldra og lerde dei noko som kanskje kan diskuterast kor sant eigentleg er.
Akkomodasjon:
Når vi lærte om spiralprinsippet til Bruner klarte eg å sjå likskapen mellom det nye eg lærte, altså eit nytt kognitivt skjema og eit eg ha¨dde frå før som omhandla LK06. At eg såg likskåpen mellom noko eg lærde der og då og noko eg kunne frå føre gjorde at eg kunne samanligne dei to og konkludere med at LK 06 er basert på spiralprinsippet til Bruner. Dette tror eg er eit døme på at eg lærde noko via akkomodasjon.
Eg merkjer at uansett kvfor pedagogisk retning vi snakkar om i klassa kjenner eg meg att, eg trur dette kan tyde på at eg har opplevd dei fleste retningane på kroppen på eit eller anna tidspunkt. Eg merkjer og at eg i stor grad var på veg til å bli ei behavurist då vi snakka om dette, kognitivist då vi snakka om dette osb. Eg vil difor konkludere med at eg framleis er på den same plassen når det gjeld pedagogisk, grunnsyn. Eg vil ikkje plasera meg i ein bås, men vera ei kyr i ein open fjos og fritt vandra frå bås til bås etter behov.
OJ.

-slik ynskjer eg å ha det...

4 kommentarer:

Borghild sa...

Så flott Ole Jacob du har lært av teoriene! :) Jeg føler det helt likt som deg. Jeg føler ikke det er noen av teoriene som gjenspeiler min tankegang 100%, men det er allikevel noen jeg føler passer meg litt bedre enn andre.
Flott at du utfordret Steinar også, han trenger litt utfordring han også :) Ikke bare oss studenter, og noen ganger lærer man feil. Da er det bare å ta tak i det, å flette inn det som faktisk er rett.
La også merke til at innlegget ditt var en god del lengre enn det forrige, det er bra! :)

Steinar sa...

Ja, utfordringar er bra. Borghild har rett i det, og det har eg berre godt av også:-)

Det er interessant at du blei motivert til å sjekke ut desse landa, men kva med dei som tok lista for "god fisk", korleis skulle dei komme seg vidare? Vil ikkje mangel på akkomodering i stor grad føre til stagnasjon, korleis kan me unngå det?

Ravn sa...

Borghild: Takk for fin kommentar!

Steinar: Eg trur eg vil svare kort på kommentaren din og seie at det er mange store utfordringar i den proffesjonen vi har valgt. Fleire av desse er og svært sjølvmotseiande. Eit døme på dette er at vi både skal stå fram som ein nærast allvitande person og i tillegg og motivera elevane til å setje spørsmålsteikn med alt. Korleis ein skal oppnå dette er eit godt spørsmål.
1: Ein må vere trygg på at det ein seier stemmer.
2: Ein må kanskje og leggje inn ein feil nå og då for og skjerpa elevane. Ein vil ikkje oppnå at elevane lærer at "Steinar har alltid rett". Det er meir ynskjeleg med eit miljø kor det kanskje går litt sport i å finne ut om det er hold i alt "Steinar" seier, då vil klassa og automatisk bli ei arena kor mange tema vil bli diskutert.
Dersom eg nokon gong skal utvikla mi eiga pedagogisk retning vil dette med diskusjon vere svært viktig i denne.
"Learning by discussion."
"Learning by argument."
"Learning by fighting."
Kva høyres best ut?

Steinar sa...

Hei, interessant. Eg veit ikkje heilt skilnaden på "discussion" og "argument" men begge desse høyrest betre ut enn "fighting".........