mandag 4. mai 2009

Speidarmetoden - noko for skulen..?

I det førre innlegget mitt skreiv eg om leik i og rundt læring. Sjølvsagt trakk eg parallellar mot speidarrørsla. Steinar stilte meg eit spørsmål omkring korleis leik blir nytta i speidararbeidet. Eg har difor bestemt meg for å fortelje litt om speiding og om kva eg trur skulen kan læra av speidarrørsla.

Litt fakta først:

Speidarrørsla vart starta av General Robert Stephenson Smyth Baden-Powell, seinare Lord Baden-Powell of Gillwell. (BP)

Det heile start med at BP skreiv ei bok som heite "Scouting for boys", denne boka var meint som ei lærebok for unge gutar i den britiske hæren.

Ein reknar starten for å være 1. august 1907, då BP samla ein gjeng tilfeldige gutar til leir på Browsea Island utanføre sørkysten av England.

Byggjer på militære tradisjonar.

Speidarrørsla er i dag den største ungdomsrørsla i verda med over 40 millionar speidarar i over 160 land. (ca 30 millionar i WOSM - og 10 millionar i WAGGGS dei to største verdsforbunda)

Viktige prinsipp er likskap, sjølvstende og samhald.

Kva kan skulen så læra av speidarrørsla?
Speidaren har eit sosiokulturelt-behavioristisk verdigrunnlag, (der trur eg at eg sjølv er og) dette vil eg forklare ut frå to argument. For det fyrste er ein speidartopp oppbygd etter miletære prinsipp, og ein deler ut utmerkingar for det meste. Dette er synlige bevis på at ein har oppnått noko og gjev status. Dei er spesielt synlige i og med at dei fleste skal festast til speidardrakta, eller uniforma. Som speidar ser ein med ein gong på speidardrakta til ein annan kva funksjon den andre har, samt rang og alder. (eining – det er forskjellige opplegg for forskjellige aldersgrupper, Bever, småspeidar, stigfinnar, vandrar, rover og leiar.) Ein kjenner og som speidar godt til at dersom ein gjer noko gale så får dette konsekvensar, dovask er ein vanleg trussel for å få speidarar til å gjere som dei skal. Samstundes som uniforma forteljar om rang o.l. fungerer den og samlande. Dersom eg kor som helst i verda ser nokon med speidardrakt, eller skjerf går eg som regel alltid bort og slår av ein prat, eg veit med ein gong at me har noko til felles. Speidarane vert organiserte i patruljer, dette er som regel grupper på 5-9 speidarar som jobbar fast saman over fleire år, kvar patrulje lagar si eiga identitet og skapar såleis eit indre samhald. Patruljane blir leia av ein Patruljeførar (Peff) og ein Patruljeførarassistent (Ass), Desse er som regel dei to eldste i patrulja og tar såleis meir ansvar enn dei andre, dei står og for opplæring og undervising av dei yngre medlemmene i patrulja, slik lærer ein seg gradvis å ta meir og meir ansvar. Patrulja skal fungere som ein eining, ein skal utfylle, støtte og læra av og med kvarandre. 
Denne kombinasjonen av Behavioristiske idear, med belønning og straff, og sosiokulturelle idear med fellesskap, likskap og samhald har eg tru på at er grunnen til at speidarrørsla stadig er på frammarsj.

Behaviorismen og Sosiokulturismen er etter mitt hovud to ytterpunkt i det pedagogiske landskåpet, likevel har eg tru på at nettopp det å kombinera desse to ytterpunkta burde gjerast meir. Som eg tidligare har skrive meiner eg at ein ikkje bør setja seg i ein bestemt pedagogisk bås, men heller vera ei kyr i ein open fjos og fritt vandra frå bås til bås. Dette blir eg meir og meir overtydd om. I ein diskusjon kring LK06 med leiarkollegaer i frå speidarrørsla, kom me fram til skulen gjennom LK06 no nærmar seg vårt treningsprogram, og at idear og metodar som no blir tatt i bruk er ting me har drive med i hundre år allereie. 
Så til slutt vil eg svare på det opphavlege spørsmålet til Steinar, om korleis ein bruker leik i speidarrørsla. Leiken har etter mitt hovud tre funksjonar.
1 Motiverande
2 Lærande
3 Kamuflerande
Leik er gøy, det å bruka ein leik til å brekka opp noko tørt og keisamt trur eg vil virke motiverande og stimmulerande.
Når ein har det moro fungerer hjernen betre. Dette er ein påstand eg har kome på heilt av meg sjølve og eg har ingen vitskapelege bevis for dette. Eg har likevel eit argument for at dette er høve, når ein skal læra seg noko som i utganspunktet er keisamt, t.d. namna på dei amerikanske statane eller nye namn er det mykje lettare å gjere dette gjennom leik.
Nokre gonger må vi gjere ting som ikkje er veldig moro, då kan det vera greitt å kamuflera dette. I staden for å bæra ved til hytta arrangerer vi gjerne ved-stafett, på den måten blir arbeidet leik og ein gløymer at det ikkje er moro.
Det første punktet er lett å få inn i skulen, ved å brekke av ein lengre teoriøkt med ein leik. (eller ein song)
Å læra gjennom leik kan ein gjera på mange måtar, gjennom t.d. spel, drama og organiserte leiker. (namneliker)
Kamuflert undervisning som verkemiddel kan t.d. nyttast i engelsk, gloselæring som bingo, lekseprøvar som lagkonkurranse.
Dei tre døma over kunne alle vore henta frå speidarrørsla. Det er og viktig å ikkje stoppe med leike-aktivitetar fordi ein blir eldre. Dei vaksne må og delta, og det må leikast sjølv om det berre er vaksne til stades, då spesielt av dei to første funksjonane.

Kjelder:

www.scout.no - NSF - Norges Speiderforbund

www.scout.org - WOSM - World Organisation of the Scout Movement

www.wagggsworld.org - WAGGGS - World Assosiation of Girl Guides and Girl Scouts


mandag 16. mars 2009

Leikande læring

Leik er etter mitt hovud eit svært nyttig hjelpemiddel i ei læresituasjon. Mesteparten av min erfaring med dette kjem frå speidarrørsla. Eg er mellom anna medlem i eit utval i den lokale speidarkretsen som heiter utval speiding, tidlegare ledartrenarpatrulja. Dette utvalet har som hovudoppgåve å arrangere kurs for speidarar og leiarar, sjølv har eg vore med her sidan eg sjølv var ferdig med grunnopplæringa for speidarleiarar hausten 2003.

Eg hugser spesielt den fyrste samlinga eg var med på i denne kursrekka, fokuset var at ein skulle planleggje og gjennomføra eit speidar eller småspeidermøte. I staden for å ha verkelege speidarar skulle vi være markørar for kvarandre. Dette var noko som utvikla seg til å til slutt ta heilt av og blei etterkvart nokså alvorleg rolleleik. Vi leika oss inn  roller til desse små speidarane, og på den måten fekk me etter mi meining svært godt innblikk i korleis ein småspeidar tenkjer.

I dag er det mange firma som kan finne på å sende leiargrupper på kurs som går ut på å sove ute

i skogen i telt og å spise mat på relativt primitivt sett, Norges Speiderforbundhar drive med dette som ei del av ledarutdanninga i hvertfal over 30 år. Eg meiner den norske skulen har mykje å læra av speidarrørsla. I helga var eg med å arrangerte kurs og vi diskuterte mykje omkring at skulen i dag har mykje å læra av speidarrørsla. Berre det å la leik væra einaturleg del av ein læresituasjon er grunn nok åleinne for at eg synes skulane burde sjå til speidarrørslafor inspirasjon. Her er nemleg leiken komen inn som ein del av undervisinga. Når ein går inn i ei rolle som småspeidar (8.10 år) er det utuleg kor mangen lys som går opp for ein med tanke på korleis ein småspeidar tenkjer og oppfører seg.

Leik som avveksling kan være svært nyttig, som speidarleiar har eg alltid eit par leikar i bakhand i tilfelle eg må improvisera. Då verker leiken som eit naturleg avbrekk og gir energi til vidare konsentrasjon. Ein lærar seg og ein masse ting gjenom forskjellige leikar, berre noko så enkelt som å læra seg å fylje reglar kan for somme væra nyttig lærdom.

Leik kan etter mitt hovud brukast på to måtar i skulen, anten som avbrekk og ispirasjon, eller som ein del av sjølve lreprosessen. Eg har personleg god tru på at å blanda desse to måtane å innvoøvera leik på vil gje eit godt resultat.

mandag 2. mars 2009

Vurdering for læring.

Sjølv etter å ha lest om dette og blitt forelese om dette opptil fleire gonger synes eg framleis dette høyres litt rart ut. Eg trur difor eg vil ta meg tid til å forklara kva som ligg i dette omgrepet, og kva eg forstår med det.

Heile ideen er at i staden for å evaluere for å finne ut kva ein elev kan og ikkje kan, (t.d. gjennom prøvar o.l.) skal ein heller vurdere det eleven kan med fokus på framtidig læring. Det vil seie at vi vurderer eleven for å fremje læring. Det er då svært viktig å tydeleggjere dette for den som er subjekt for vurderinga. Ein måte å gjere dette på er å gi såkalla framovermeldingar, altså ikkje ei tilbakemelding som vurderer det som har vore, men ei konstruktiv vurdering med det for auget å inspirera gjennom konstruktiv kritikk. På engelsk kallar ein dette for "feed-forward" i motsetting til "feedback". Etter det eg vurderer er dette ei svært positiv måte å arbeide på, ein leitar etter dei positive tinga, og prøver å løfte fram det som ikkje er så bra med ei positiv vinkling.

I dei førre vekene har me vore så heldige å blitt førelest av Tord Eide og Bjørn Meling. Dei har i lengre tid forska på pedagogikkfaget og er sett på blant mange som nokre "guruar" innan dette faget. Dei fortalde om ein metode dei hadde lært om som vart kalla "two stars and a wish", eller to stjerner og eit ynskje. Når ein gjer ei vurdering er det som tidlegare nemnt viktig å ha fokus framover og å og leite etter positive trekk. Her skal ein spesielt trekkje fram to positive ting, grunngje kvifor dette er rett og kvifor ein er nøgd her. I tillegg skal ei også belyse ein ting ein ikkje er fult så nøgd med, men på ein måte slik at det blir formulert som eit spørsmål. "Eg skulle ynskje du var flinkare og hugse på skilnaden mellom å å og..."

Denne måten å vurdere på trur eg ligg veldig naturleg hos dei fleste, eg veit i alle fall at når eg retta stilar i klassa mi før sommaren var eg veldig bevisst på at eg skulle seie minst ein positiv ting om kvar stil. Den gongen hadde eg aldri høyrd om ”two stars and a wish”, men eg syntes det var opplagt. Eg trur denne teknikken eller metoden er ein vidareutvikling av noko som ligg naturleg hos dei fleste. Dette er derfor etter mi meining eit ideal dei fleste bør kunne leve opp til, anten ein er lærar eller ikkje.


mandag 16. februar 2009

Motivasjon

Dei siste vekene har motivasjon vore tema i pedagogikken. Litt ironisk er det nok, men eg må innrømme at motivasjonen min har vore svært nært botn. Denne teksten skulle eg etter planen min skriva på fredag, men eg fann ikkje motivasjon. Eg valde difor og utsetje det til laurdag, på laurdag... osb. No er det fredag kveld og fristen for å posta innlegget er faretruande nært. Eg må vel innrømme at det er det som motiverer meg mest no. Slik er det ofte for meg, eg finn ikkje motivasjon til å gjere ting eg absolutt bør gjere, ting som å rydde og gjere reint i leilegheita mi, skrive blogginnlegg og å laga middag. Det kan gjerast i morgon. Vel, blogginnlegget kan ikkje gjerast i morgon, det skal leverast i dag, så no er det berre å komme i gang og skriva nokre reflekterte og interessante tankar om motivasjon.

Mens eg skriv dette blar eg gjennom Elevens Verden av Gunn Imsen, her står det mykje fornuftig angåande tema. Eg stoppar med eit avsnitt med overskrifta: "Humanistiske motivasjonsteorier". Her står det forklart at mennesker kan ha behov for å føle seg til nytte for andre. Dersom nokon utanforståande hadde spurt meg kva eg gjer på fritida mi ville det vore lett for vedkomande å konkludera at eg er eit eksempel på dette. Eg er nemleg ein person som har vondt for å seie nei. Forutan å vere tillitsvalt i klassa, nestleiar i studentrådet og varamedlem i studentparlamentet, er eg og aktive i andre lag og organisasjonar. I Norges speiderforbund er eg gruppeleiar i Førdespeidarane, leiar i kretskonkurransekommitéen, medlem i utval speiding i Ryvarden krets og sit i Kretsstyret. Eg sit og i musikkomitéen i Kopervik Musikkorps, styret i Førde Ungdomslag og har ambisjonar om å fu FUL-teaterguppe opp å gå igjen. Dette kan ein forstå som ei skryteliste over kor flink eg er, og ein kan nok for tenkje at forfattaren er motivert til å fortelje dette for å vise kor flink han er. Dette for å få tilbakemeldingar på kor flink han er og dermed oppleve at behovet for å vera til nytte for andre bli oppfylt. Sanninga er likevel den at eg gjer alle desse tinga mest for mi eiga skuld, fordi eg liker å ha tusen ballar i lufta samstundes, og fordi desse tinga faktisk er moro å drive med. Sjølvsagt er det tilfredstillande at dette og kjem andre folk til gode, men eg opplever likevel dette som ein bonus, og ikkje hovudpremien.

Kva er det då som motiverer meg til alt dette frivillige arbeidet, når eg samstundes har vanskeleg for å finne motivasjon for å skrive blogginnlegg som i teorien berre kjem meg sjølve tilgode? Ikkje veit eg. Eg blar vidare i boka til Imsen. 

Det tek ikkje lang tid før eg finn noko anna interessant. Maslows behovshieraki. Eg leitar etter behov for å ha det moro, eg finn det ikkje. Kan maslow verkeleg ha gløymd dette i pyramiden si? Eg trur eg ville ha plassert dette behovet mellom behovet for kjerleik og behovet for annerkjensle og positiv sjølvkjensle. Dette betyr i så høve, dersom ei stolar på mine teoriar fletta inn i Maslow sine, at eg ikkje treng å kjenne behov for annerkjensle for å vera så aktiv som eg er.

Det som verkeleg er ironisk er at eg opplever at eg blei motivert til å skrive av nettopp å skrive, kan tenkast er hovudproblemet mitt at eg treng å lære meg betre å gje meg sjølv eit realt spark i bakenden å koma fortare i gong. Eg kunne fint ha site her å skrive side opp og side ned, men eg vel å ta hensyn til at nokon forhåpentlegvis vil lese dette, og eg vil ikkje ta fra dei motivasjonen med å skriva for langt.

Takk til:

mandag 2. februar 2009

Byggje ei bru...

Konstruksdjonsprosjekt.

Våren 2009 skulle me få prøva oss som konstruktørar, nokre skulle få konstruera framtidas skule, andre skulle prøve lukka med programering og lego medan me i den siste gruppa skulle konsentrera oss om brukonstruksjonar. Me hadde valet mellom å byggje ei hengebro eller ei fagverksbro.

Når eg var på speidarleir sommaren 2003 var tema for leiren: byggje ei bru. Det var då to kretsar med svært ulik kultur som arrangerte leir saman. Kretsane er skilde av fergestrekningen sandvikvåg - Halhjem. Dette er eit godt eksempel på at det å byggje ei bru og kan ha ei overførd meining, nemleg det å binde ting, personar, rupper eller lignande tettare saman. Om ikkje dette var meininga med dette prosjektet for dei som "konstruerte" sjølve oppgåveteksten så opplever i alle fall eg at dette vart ei heldig "bi-effekt" i mi gruppe. vi blei enda betre kjend og vi hadde det tross stress svært moro.

måndag 12.01

Vi hadde ei fagleg innføring på skulen. At det kunne seiast så mykje om bruer overraska meg ein del, men overraskande mykje sat fast. Vi fekk og prøve oss som konstruktørar med coctail-pinnar og erter. Eg merka at her kom gutungen fram i meg, og at eg var litt missunneleg på dei som skullle byggja i lego... Siste tingen vi gjorde i klassa var at vi skulle lage ei enkel hengebru (eigentleg skråstagsbru) av raier og tau. Som aktiv speidar merka eg fort at dette var moro, men det forbausa meg at så få kunne ein enkel knute som dobbelthalvstikk... På vegen heim blei me einige om å møtast neste dag hos Heidi, og om at me skulle laga ei hengebru i papp.

tirsdag 13.01

Vi brukte først ein del tid på å sjå på ulike  bruer på nettet, vi trengte inspirasjon. Vi bestemte oss ganske plutseleg men  bestemt for å la brua vår bli designa med inspirasjon fra Clifton Suspention Brindge i Bristol, England. Denne brua er teikna av den ikkje ukjende 1800-tals ingenøren Brunel. I og med at vi skulle gjere ei framføring tenkte me at dette ville gi oss litt ekstra relevant stoff å snakke om. Vi brukte så ein del tid på å komme i gang med byggjinga. Borghild kjørde heim for å låne det viktigste verktøyet ein har når ein lagar hengebru i papp, nemleg limpistol, medan heidi og eg jekk på shopping for å få tak i det me trengte som me ikkje hadde, nemleg ståltrå, fyrstikker(vi hadde fyrstikker, men vi trengte fleire... -og etterkvart endå fleire...). Når vi endeleg kom i gong byrja vi i motsettnad til Brunell utan å ha tenkt heilt på korleis me skulle løyse alt praktisk. Noko av det første vi gjorde var å konstruere vegelement som seinare skulle koplast saman og hengjast opp induviduelt. Korleis dette skiulle kjerast viste me enda ikkje. Brutårna blei og konstruerte, av tomme Dolly Dimple's esker. Dei var svært nøyaktige og frie kopiar av brua til Brunel. I dette legg eg at vi kopierte dei fleste detaljene, men at målestokken ikkje var heil 100%. (Kanskje ikkje ein gong 50%, men det var det estetiske som var viktig, og at det virka.) Det må og leggjast til at me blei servert Pasta-bolognese av Heidi

onsdag 14.01

Neste dag skulle me vera heime hos meg, noko som medførte at eg endeleg måtte finne litt tid til å ryddde spisebordet... Me fortsatte der me slapp. Eg fekktak i ei flytteeske som vi  kunne lime kreasjonen fast til. Vi jobba godt saman denne dagen, og blei på god veg ferdig, løste store problem som korleis å henge broelementa saman og opp. Som dei seier hos Rema 1000, det enkle er ofte det beste... menyen for dagen var bestemt av Borghild dagen før, eg serverte Fajitas, og sjølv om ein gjerne ikkje bør skryte for mykje av seg sjølve så må det seiast at det var svært godt.

torsdag 15.01

Dette var dagen då eg skulle få besøk av ein engelsk hippie/dirigent, han skulle komme med flyet fra londin i halv fire-tiden. Me møttes tidleg heime hos meg, og prøvde og få oversikt over kva som gjenstod. Me oppdaga at det meste som stod att var kosmetiske ting som me orda raskt, me snakka litt om kva me skulle seie om brua når me skulle vise henne fram fyrste gongen. Når dette var gjort fann me ut me skulle byrja å forbereda presentasjonen. Me ville gå på internett å lesa meir om brua me hadde tatt inspirasjon frå. Det viste seg at nettforbindelsen i leiligheita mi var ute av drift. Det heile endte med at me bruka dei siste tre timane denne dagen på å spela brettspelet Carcasonne. Sjølv om det kan høyrast ut som dårleg utnytting av tid trur eg likevel me fekk mykje godt ut av dette, når ein jobbar så tett saman som me gjer er det viktig å  ha det litt moro saman og. Meny for dagen: ferske rundstykker.

fredag 16.01

Denne dagen forsov eg meg, eigentleg ikkje så rart i og med at eg hadde sitte oppe til klokka tre på natta å sett på bryllupet til dirigenten min på DVD. Me skulle til Stord denne dagen, me hadde rekna med ekstra god tid slik at me skulle få gjort siste finpuss før me skulle visa den fram, og godt var det. sjølv om brua vår viste seg å vera svært så solid fant me likevell ut at det ikkje er ideellt å ha ho i eit bagasjerom saman med ein bovling-bag, spesielt ikkje om det er krappe svingar og ein kjører fort gjennom dei... Skadane var likevel ikkje større en at dei lot seg fikse. Me så ut at brua ikkje skulle visast før på mandagen... Me byrja difor å planleggje framføringa som me som var nesten ei veke fram i tid.

måndag 19.01 - onsdag 21.01

Desse dagane bruka me på å forbereda framføringa, me fortsatte å sittje heime hos kvarandre, me produserte ein del powerpointar og ein film som me ville bruke under framføringa. På onsdagen skulle me vere heime hos Borghild og ho hadde lova å laga middag til oss, for å gjere historien kort kan eg berre seie at faren til Borghild laga ein svært god pizza. Me møttes og heime hos Heidi og hadde ein slags generalprøve på framføringa.

torsdag 22.01

Dagen var komen til den store framføringa, me var nummer to ut , og hengbru nummer to. Det føltes litt rart sidan gruppa før oss hadde lagt vekt på mykje dei samme tinga som oss. Etter litt tekniske problem fekk me til slutt orden på teknikken. Me starta med å spela eit slags dikt basert på "ungane på risøyno" lese av Haugesundordførar Petter Steen jr henta frå Jan Ingvar Toft si plate "til minne om deg". Me fortsatte med presentasjonen kor me veksla mellom å bruka powerpoint, snakka fritt og å bruka modellen som illustrajon. Planen var å avslutte med ein film som viste mange brutyper, men diverre spelte ikkje teknikken på lag med oss. 

måndag 26.01 - tirsdag 27.01

Desse dagane brukte me på å planlegge undervisingopplegget vårt, etter tips frå rektor på Hauge skole bestemte me at elevane skule få laga eit "anbud" på fastlandsforbindelse til Vibrandsøy. Me ville først gi elevane ei innføring i bruer og i konstruksjon. 

Planen blei som følger:

1. time: Ein presentasjon av bruer med hjelp av powerpoint.

2. time: Elevane skulle få prøve seg å konstruere på same måten som me gjorde, men med fyrstikker og plastalina i stadenfor coctailpinner og erter.

3.-5. time: Elevane blei delt inn i grupper og skulle finne svar på følgande spørsmål: -Kvar skal brua vere? -Kva slags bru? -Kva skal øya brukast til? Kva vil dette ha å seie for byen og nærmiljøet? Vidare skulle dei illustrere korleis brua ville sjå ut med å teikne henne, og forebu ei presentasjon for klassa.

6. time: Denne timen var satt av til å presentere dei ulike gruppene sine arbeider.

torsdag 29.01

Då eg er tillitsvald i klassa var eg ikkje med på sjølve utprøvinga av opplegget sidan eg var på læringsmiljøkonferansen. Eg har snakka med dei to andre i gruppa å fått vete at det gjekk ganske bra, og at elevane blei engasjerte i arbeidet. Dette velger eg å tolke slik at det sansynlegvis har vore eit vellukka opplegg.

Konklusjon

eg tør å påstå at gjennom å ha jobba med bruer og brukonstruksjoner gjennom to veker har eg blitt mykje meir bevisst på kva ei bru er og kva som gjer at den held seg oppe, dette er noko som tyder på at det er lærerikt å jobbe i grupper. Eg har og hatt det mykje både moro og fortvilande saman med dei andre i gruppa, me har således blitt mykje betre kjend med dei.

Gruppearbeid er altså ei flott måte å tilegne seg kunskaper og å bli betre kjend med folk, samt at ein lærer seg å ta hensyn til kvarandre. Ein oppnår således meir enn ein ting med å jobba saman i grupper, dette meiner eg er ein god grunn til å jobbe på denne måten.

¨

søndag 30. november 2008

Pedagogikk, berre svada eller matnyttig..?

No er det snart jul og eg synes difor det kan vera naturleg å stille spørsmålet: Har eg eigentleg lært noko dette halvåret eg har hatt pedagogikk? Svaret er ja, og mykje meir enn eg hadde trudd... 

Det viktigaste er nok at eg har innsett viktigheita av dette faget. Før semesterstart tenkte eg at at pedagogikk det var berre svada og synsing, og det er forsåvidt sant det. Men eg vil påstå at det er faktisk nyttig å ha kjenskap til faguttrykk og bakgrunnen for ulike teoriar. eg har og blitt meir bevist på kva grep eg vil gjere i forskjellige situasjonar og eg kan no mykje betre argumentera for kvifor.

Eg har og lært noko eg sjølv aldri skal gjere, eg er nemlig ein av dei som heilt klart jobbar best under press, eg blir som regel alltid ferdig tidsnok, men dersom ein frist blir utsatt blir eg likevel ferdig i siste liten. Eg skulle difor ønske at det var eit studiekrav å levera førsteutkast på matte/ped-oppgåva på den opprinnelege fristen, då hadde det vore gjort. Men, eg har hatt ei travel helg og no lignar det etterkvart på noko...

Men, no skal det bli godt med jul.

søndag 23. november 2008

Det sosiokulturelle perspektiv.

Innholdet i denne teorien ligg eigentleg ganske mykje i namnet. Det er satt saman av Sosial og kulturell. Ein kan då forstå det som at læring er ei sosial greie og skal foregå i like stor grad mellom mennesker som induviduelt. Kultur kan ein forstå på mange måtar, det betyr ikkje at ein skal lære gjennom teaterbesøk og klassisk musikk. (Sjølv om eg trur dette og kunne vore svært nyttig.) I denne samanhengen viser kultur tilbake på den opprinnelige tydinga. (Her hadde eg tenkt å "cut'n'paste" frå ordbok på nette, men den låg selfølgelig nede...) Dersom eg hugser rett kjem det frå gresk og tyder å dyrke noko fram. Sosiokulturallisme kan ein difor seie at tyder noko slikt som framdyrking av kunskaper hjå mennesker i ei sosial setting.
Det er og lagt svært mykje vekt på bruk av verkty i læringa, ikkje nødvendigvis verkty som hammar og sigd, men gjerne dette og. I det Sosiukulturelle perspektivet hevdar ein gjerne at språket er eit verkty, etter mi meining er dette heilt klårt det viktigaste. Då eg tvilte på det eg blei lærd angåande dei største lanna i verda tok eg i bruk internett som eit verkty, og for å bruke internett var det ei forutsetting at eg beherska språk som verkty.
Det sosiokulturelle perspektivet byggjer heilt klårt på marxistiske verdiar, og eg må seie eg synes det er ironisk at det er fyrst etter komunismens fall i Aust-Europa at den har fått sin renesanse. Det er også heilt klårt for meg at det er fult mogeleg å forklara LK06 ut frå det sosialkulturelle perspektivet. Eg har ein gong høyrt ein utanlandsk samfunnsvitar uttala noko slikt som at Noreg er det nermaste eit vellykka komunistisk land verda nokon gong har sett. Kanskje det er difor LK06 er blitt som det er blitt...