søndag 30. november 2008

Pedagogikk, berre svada eller matnyttig..?

No er det snart jul og eg synes difor det kan vera naturleg å stille spørsmålet: Har eg eigentleg lært noko dette halvåret eg har hatt pedagogikk? Svaret er ja, og mykje meir enn eg hadde trudd... 

Det viktigaste er nok at eg har innsett viktigheita av dette faget. Før semesterstart tenkte eg at at pedagogikk det var berre svada og synsing, og det er forsåvidt sant det. Men eg vil påstå at det er faktisk nyttig å ha kjenskap til faguttrykk og bakgrunnen for ulike teoriar. eg har og blitt meir bevist på kva grep eg vil gjere i forskjellige situasjonar og eg kan no mykje betre argumentera for kvifor.

Eg har og lært noko eg sjølv aldri skal gjere, eg er nemlig ein av dei som heilt klart jobbar best under press, eg blir som regel alltid ferdig tidsnok, men dersom ein frist blir utsatt blir eg likevel ferdig i siste liten. Eg skulle difor ønske at det var eit studiekrav å levera førsteutkast på matte/ped-oppgåva på den opprinnelege fristen, då hadde det vore gjort. Men, eg har hatt ei travel helg og no lignar det etterkvart på noko...

Men, no skal det bli godt med jul.

søndag 23. november 2008

Det sosiokulturelle perspektiv.

Innholdet i denne teorien ligg eigentleg ganske mykje i namnet. Det er satt saman av Sosial og kulturell. Ein kan då forstå det som at læring er ei sosial greie og skal foregå i like stor grad mellom mennesker som induviduelt. Kultur kan ein forstå på mange måtar, det betyr ikkje at ein skal lære gjennom teaterbesøk og klassisk musikk. (Sjølv om eg trur dette og kunne vore svært nyttig.) I denne samanhengen viser kultur tilbake på den opprinnelige tydinga. (Her hadde eg tenkt å "cut'n'paste" frå ordbok på nette, men den låg selfølgelig nede...) Dersom eg hugser rett kjem det frå gresk og tyder å dyrke noko fram. Sosiokulturallisme kan ein difor seie at tyder noko slikt som framdyrking av kunskaper hjå mennesker i ei sosial setting.
Det er og lagt svært mykje vekt på bruk av verkty i læringa, ikkje nødvendigvis verkty som hammar og sigd, men gjerne dette og. I det Sosiukulturelle perspektivet hevdar ein gjerne at språket er eit verkty, etter mi meining er dette heilt klårt det viktigaste. Då eg tvilte på det eg blei lærd angåande dei største lanna i verda tok eg i bruk internett som eit verkty, og for å bruke internett var det ei forutsetting at eg beherska språk som verkty.
Det sosiokulturelle perspektivet byggjer heilt klårt på marxistiske verdiar, og eg må seie eg synes det er ironisk at det er fyrst etter komunismens fall i Aust-Europa at den har fått sin renesanse. Det er også heilt klårt for meg at det er fult mogeleg å forklara LK06 ut frå det sosialkulturelle perspektivet. Eg har ein gong høyrt ein utanlandsk samfunnsvitar uttala noko slikt som at Noreg er det nermaste eit vellykka komunistisk land verda nokon gong har sett. Kanskje det er difor LK06 er blitt som det er blitt...

søndag 16. november 2008

Konstruktivismen

Eg merker eg liker dette ordet, det er positivt, læring og skule bør være det! Eg har allerede skrevet "bitte" litt om konstruktivisme i svaret på kommentarer frå førre veka. Men eg gjentek gjerne meg sjølv. (ref. Bruners spiralprinsipp)Vi har m.a. snakka om kognitive skjema (Piaget) denne veka. Det går no opp for meg at grunnen til at eg protesterte på list over dei største landa i verda var at dette ikkje stemte med mitt mentale skjema over verdas største land. Eg mistenkje Steinar for å gjere dette med vilje for å prøve å framprovosere ei slik reaksjon. Det eg gjorde da var å bruka den redskapen eg hadde tiljengeleg og prøva å finna svaret på det eg lurte på. Dette er i stor grad i tråd med konstruktivismen. Eg gjekk altså ut å konstruerte min eigen kunskap i staden for å berre godta det eg fekk høyre. Dette er og ein god illustrasjon på kva skilnaden mellom Konstruktivisme og Kognitivisme er.
Assimilasjon og Akkomodasjon er og to sentrale omgrep som me snakka om denne veka. Eg skal prøve å forklare desse omgrepa.
Assimilasjon:
I "Erasmus Montanus" av L. Holberg møter vi Rasmus Berg somstuderer på universitetet, og i likhet med lille Marius i Gift, får han overdose latin. Virkningen latin har på Rasmus er svært anderledes, han oversetter navnet sitt til latin og kommer attende til foreldra å snakkar berre latin. Han beviser at mora er ein stein og at fyll er bra. "En sten kan kan ikke flyve, Mor Nille kan heller ikke flyve, ergo Mor Nille er en en sten." "Den som er bedrukket legger seg gjerne til å sove, den som sover synder ikke, ergo det er ikke syndigt at bedrikke seg." Desse to dømene viser svært godt korleis rasmus misbrukte dei allerede eksisterande kognitive skjemaene hos foreldra og lerde dei noko som kanskje kan diskuterast kor sant eigentleg er.
Akkomodasjon:
Når vi lærte om spiralprinsippet til Bruner klarte eg å sjå likskapen mellom det nye eg lærte, altså eit nytt kognitivt skjema og eit eg ha¨dde frå før som omhandla LK06. At eg såg likskåpen mellom noko eg lærde der og då og noko eg kunne frå føre gjorde at eg kunne samanligne dei to og konkludere med at LK 06 er basert på spiralprinsippet til Bruner. Dette tror eg er eit døme på at eg lærde noko via akkomodasjon.
Eg merkjer at uansett kvfor pedagogisk retning vi snakkar om i klassa kjenner eg meg att, eg trur dette kan tyde på at eg har opplevd dei fleste retningane på kroppen på eit eller anna tidspunkt. Eg merkjer og at eg i stor grad var på veg til å bli ei behavurist då vi snakka om dette, kognitivist då vi snakka om dette osb. Eg vil difor konkludere med at eg framleis er på den same plassen når det gjeld pedagogisk, grunnsyn. Eg vil ikkje plasera meg i ein bås, men vera ei kyr i ein open fjos og fritt vandra frå bås til bås etter behov.
OJ.

-slik ynskjer eg å ha det...

søndag 9. november 2008

Min veg til skulen, ei reise gjennom mange land... (Kognitivisme)

I pedagogikken denne veka har me lært om ulike hukommelses teknikkar. Vi testa desse ut i praksis og, JA, eg klarde fint å lære meg de 14 største landa i areal i rett rekkjefylje.

Her er historia som gjer at eg hugser dette:

Påveg til skulen på Stord kjører eg forbi Skeisvang VGS, skulen kor eg var russ. (Russland) Videre KAN eg kjøyre om Bleikemyr. (Canada) Då slepp eg å kjøre forbi Kvala, som etter mi meining er litt amerikanisert. (USA) Når vi kjem til Sveio føler eg at Sveio sentrum er som ei motsetting til Førde kor eg er frå. Og kva er vell ei større motsetting enn Kina. (Kina) Ved bensinstasjonen på haukås er det i bygd som heiter Tveita, av ein eller anna grunn er det mangen herifrå som er svært gode i fotball. (Brasil) På Hanaleite bur mor til ei eg kjenner som har vore utvekslingsstudent "down under". (Australia) På introhuset i Førde, ein skule for framandkulturelle med kafedrift, serverer dei heilt sikkert til tider Indisk mat. (India) På samfunnshuset er det heilsikker vore syngd "Don't Cry for Me Argentina". (Argentina) På vegen innover mot skogen derifrå ser eg for meg Vladimir Smirnoff på ski. (Kasakhstan) I Austvikesvingande var det ein gong ei ulykke kor ein afrikansk lege måtte rykke ut. (Sudan) I tunellen er vi under sjøen som har alger i seg. (Algerie) På Stordbrua kan eg sjå over til Moster, der har Kongen vore. (Kongo) Når eg kjem til Stord er det på ein måte ei ny øy. (New Zealand) I kantina på Rommetveit får me servert Mexikansk mat. (Mexico)

Dette var sjølvsagt ei aktivitet eg syntes var moro, men eg finn det likevel betenkeleg at medan eg leita på nettet for å finne ut av hovedstedene i desse landa fann eg og ut at New Zealand er på 75. i areal i verda...

Eg kjem aldri til å gløyme denne rekkjefylja sjølv den er feil.

OJ

fredag 17. oktober 2008

Behaviorisme - bra dersom ikkje missbrukt..?

Personleg har eg kjempe tru på bruk av behavioristiske metodar, men sjølvsagt, alt med måte. Eg er ein av mange TV-sjåarar som har lete seg underhalda behaviorisme-reallity-søppel-program på TV som "Super Nanny" og "Nanny 911". Eg må innrømme at eg, sjølv om eg er skeptisk til denne type program, gong på gong blir imponert over kva dei får til, og klarer sjeldan å "zappe" vidare. Eg trur ein av grunnane til at ein liker dette er at det alltid er ei enkel løysing, systematisk arbeid og det å vera konsekvent er dei viktigste stikkorda her. Sjølvsagt kan ikkje dette løyse alt, men at det er effektivt er lita tvil om. Born likar å ha faste rammer, det trur i alle fall eg, og eg hugser sjølv at eg foretrakk dette sjølv. Det er heilt klart lettare å skjøna at det er dumt å gjera noko gale dersom det er ei konsekvens for dette. Det kan til dømes ofte vera fristande for meg å kjøra fort, spesielt om eg har dårleg med tid, men eg veit at det kan få ei konsekvens, difor gjer eg det berre om eg har det veldig travelt. Hadde alle forfortkjøringar enda med bøter ville nok ferre kjørt for fort... 

I korpset eg spelar hadde me ein gong ein dirigent som etter mi meining helte litt i overkant mot behvioristiske idear. Kanskje ein til og med kan seie at han hadde eit pedagogisk ståsted som befant seg forbi behaviorismen. Hans filosofi gjekk ut på å psyka folk ned slik at han kunne forma dei som han ville. Resultate korpset fekk med han var svært gode, men det endte med at mange musikantar slutta fordi dei ikkje trivdes med metodane hans.

Person leg har eg tru på at behavioristiske teknikkar som, skjema for belønning og konsekvensar som til dømes "time out" etter ei advaring er ting som fungerer godt dersom det blir brukt rett og dersom lærar eller anna vaksenperson klarerog vera konsekvent.

Behaviorisme har mykje godt å fara med, men som eg har nemnt tidlegare så er eg ikkje for ein einspora pedagogisk rettning, men ei blanding kor eg vil ta med meg det som eg meiner er det beste frå kvar retning.

fredag 10. oktober 2008

Hjelp.

Eg har i løpet av denne dagen fleire ganger prøvd å skrive eit fornuftig innlegg. No er klokka 23:28 og eg er klar til å gi opp... Eg tenker at i morgon er det ein ny dag. "Med blanke ark og fargestifter til..." Eg kjem sterkt attende i morgon, det er i allefall det eg trur, og så lenge eg trur er det nok håp. No skal eg vera ein god nevø å vera sosial med tantene mine som har drukket litt for mykje rødvin... Det finnes både psykologar og lærerar av dei, kanskje eg kan finne litt inspirasjon der...

God natt.

Klasserommet, ein god lærearena?

Denne veka fekk vi utfordringen, kva skal til for at eit klasserom skal være ein god lærearena. Det første som datt inn i hovudet mitt var at det viktigste må vera engasjerte elevar eller studentar. Deretter tenkte eg, kva skal til for å få dette..? Etter å ha grubla på dette ei lita stund kom eg fram til at engasjerte elevar og studentar eigentleg ikkje er  noko anna enn eit resultat av ein inspirerande lærar. Det finnes sjølvsagt engasjerte elever som ikkje har har inspirerande lærarar, men det er nok mykje lettare for dei å halda på engasjementet oppe dersom ein får positiv innputt heile tida. Det viktigste trur eg altså derfor er ein inspirerande lærar.

Andre viktige ting kan være ting som gjer rommet trivelig som bilete, gjerne av elevane og ting dei har laga sjølve. God Belysning, passeleg store pultar og stolar, god ventilasjon og godt utstyr er fysiske ting som burde være en selføge i alle klasserom.

Dette var ei oppgåve eg gledde meg il å ta fatt på, det blir enkelt, tenkte eg. Men sanninga er at no er det ei veke sidan det skulle vore publisert og eg slit ennå med å bli nøgd. Eg har difor bestemt at no publiserer eg det eg har og ser framover i staden.

Og no skal eg skriva denne vekas innlegg...

fredag 3. oktober 2008

Ei godt planlagt økt er ei god økt for elevar og lærar(ar)

Denne overskrifta står eigentleg godt åleine synes eg. Eg merkjer at det er ein del av meg som har lyst å la den stå åleine, men eg skal la være. Eg skal difor fortelje om to opplevingar eg har hatt som lærarvikar.

For snart sju år sida gjekk eg å venta på å avtene verneplikta mi, eg skulle møte i mars og eg hadde derfor nesten eit heilt skuleår å venta før eg kom inn. Eg var då 21 år og denne tida brukte eg på diverse småjobbar. Mellom anna jobba eg som timevikar for skular i ein kommune her i distriktet. Desse to hendingane eg no skal fortelje om skjedde med ca. ei vekes mellomrom. Eg skulle i beggje tilfellene vera vikar i dobbelttime teikneforming i åttande klasse, men på to forskjellige skular.

Fyrste tilfelle fekk eg beskjed når eg ankom skulen at i eit gitt klasserom satt det ein klasse å venta på meg. Eg lurte på kva som skulle skje og blei fortald at dei skulle ha teikneforming. "Men kva held dei på med i teikning då", spurde eg. Eg blei fortald frå han som hadde tilkalla meg at det viste ikkje han fordi læraren som skulle ha dei var sjuk, eg fekk berre finne ut av det. Når eg ankom klassa prøvde eg å finne ut om det var noko spesielt dei holdt på med, men elevane var mykje meir opptatt av ein konflikt som hadde vore i friminuttet føre. To elevar spurde meg om dei kunne gå ut på gangen og "snakka ut". Dette tillot eg og før eg viste ordet av det hadde halve klassa forlatt klasserommet. Klassa fekk ikkje gjort noko fornuftig desse to timane og eg hadde inga kontroll. Når eg beklaga meg til ein lærar eg kjede frå før av etter timane på lærarværelse fekk eg berre kommentaren at dette var jo den kjekkaste og greiaste klassa på skulen.

Andre tilfelle, ei lita veke seinare blei eg ringd opp og fortald at eg kunne få seks undervisningstimar om eg ville. Eg kom på skulen og fekk timeplanen i handa. Fjerde og femte time, teikneforming i ein åttande klassa stod det. Eg kjende kor panikken kom, dette ville eg ikkje, men rektor, som hadde kontakta meg, gjekk gjennom opplegget som læraren som var sjuk hadde overlevert og overtalte meg til å gjere eit forsøk. I storefr snakka eg med fleire lærarar som eg kjende frå før. Dei spurde meg ut kva klasse eg skulle ha. Då eg svarte blei det stille ei lita stund før ein av lærarane braut ut: "Stakkars deg, vikar i teikning, også i den klassa..." Eg fekk forståinga for at dette var ei verstingklasse. Eg sat med meg sjølv og reflekterte over kor dårleg akkurat det same hadde gått for ei veke sida, og då var det med ein "snill" klasse. Eg hugser at eg tekte at to skuletimar er halvannan kloketime, altså nitti minutt, 5400 sekund. Om berre 5400 sekund kunne eg gå heim. Det ringte inn, eg beit tenna saman og bestemde meg for å kjøpa is eller chips å trøstespisa etter dagen var over. Det første eg gjorde var å presentera meg, så gjekk eg gjennom opplegget for timen og deretter fekk eg ei overasking. Alt gjekk bra. Læraren som skulle hatt klassa hadde laga eit oppleg til dei som kven som helst kunne gjennomføre. Denne timen med "Verstingklassa" hugser eg framleis svært godt, eg opplevde ein stor porsjon meistring og eg reknar det framleis som ein av dei beste timane eg har undervist. 

Desse to forteljingane viser kor viktig det er med god planlegging. Dei illustrerer og viktigheita av å gjere dette skriftleg. Dersom det er godt planlagd kan nokon adre steppa inn dersom det er nødvendig. 

Det er viktig å vite:

  • kva som skal gjerast
  • korleis det skal gjerast
  • det er og ei fordel å ha gjort seg nokon tankar om kvifor ein gjer dette, greit å kunne gi eit godt svar til elevar som lurer.

Den som planlegg må derfor:

  • kjenne elevane
  • kjenne skulen sine mogelegheiter og begrensingar

 I den fyrste forteljinga var desse punktene mangelvare, og timen gjekk dertil. Den andre var desse punktene tatt hesyn til og både eg som vikar og elevane hadde ei god oppleving med det.

I "diamanten" er det og eit sjette punkt som heiter evaluering, dette trur eg er spesielt viktig for ferske lærarar, men samstundes kanskje litt unødvendig å føra opp. Eg trur at alle evaluerer seg sjølve heile tida både bevist og ubevist.

fredag 26. september 2008

Mitt pedagogiske grunnsyn.

Kor er mitt pedagogiske grunnsyn forankra? Det er spørsmålet eg liksom skal svara på no. Svaret er eigentleg ganske enkelt, eg veit ikkje. For det første kan eg ikkje seie at den eine teorien er betre enn den andre, det har eg ikkje nok erfaring til. Det einaste eg har funne ut fra den lille erfaringa eg har er at ingen born er like, dermed må me behandla dei ulikt og. tilpassa opplæring er ikkje berre populært for tida, men det er noko som er krevd at alle skal få. Eg trur nokså bestemt at det som får ein elev inspirert ikkje nødvendigvis virkar på nestemann. Arestoteles meinte at born var ein leirklump som måtte formas medan Sokrates meite at born allereie hadde kunskapene og at ein lærars oppgåve berre er å hjelpe til å forløyse den. Kanskje hadde dei litt rett begge to. Eg tenkjer at eg må ta det som eg finner meiningsfylt frå alle retninger og anvende det slik eg trur er best. Gjere teoriar om til praksis og få eit eigarforhold til dei.

Eg har per dags dato ikkje noko definert pedagogisk grunnsyn, eg har heller ingen planar om å bestemme meg for ei enkelt retning når eg er ferdig på lærarskulen. Grunnsynet mitt vil sansynlegvis forandra seg både når eg er student, når eg er lærar og når eg ein gong blir pensjonist.

Det viktigaste med pedagogikk faget, trur eg må vera å få auka kjenskap til forskjellige læreteoriar, bruka dette som inspirasjon og bli i stand til å bruka det eg sjølv trur fungerer. Eg har ikkje noko tru på å bli fastlåst i ein teori og sjå bort i frå dei andre. 

Trur kanskje eg eigentleg ikkje har svart så godt på spørsmålet her, men eg føler eg har gjort godt rede for kvifor eg ikkje kan seie at eg har noko klart definert grunnsyn ennå.

mandag 15. september 2008

Praksis neste!

Veit ikkje heilt kva eg skal skriva om denne veka.

Har fått meg ny PC, det er gøy, men det har strengt tatt lite med pedagogikk å gjere, og her prøver me jo å vere saklige. Men det skal bli spanande med praksis i neste veke...

Har lest gjennom teksten frå forrige veke, håper at ikkje folk som les dette synes eg er for sjølvgod, eg meiner ikkje å fremstå som ein som trur han er supermann... Eg trur eigentlig hovedbudskapet mitt var at eg trur eg har anlegg for å trivast i ei slik rolle! Det er viktig!

Steinar: Du spør meg kva skilnaden mellom ein autorativ og ein autoritær ledar er, har prøvd og finne litt ut om dette på nettet og har kommet frem til: For å trekkje paraleller til to ledarar eg kjenner godt til vil eg trekkje fram Adolf Hitler og Lord Baden-Powell, begge klare autoritetsfigurar innanfor sne felt, men samstundes svært ulike. Begge satte klare grenser for kva dei forventa av tilhengarane sine, og ein kan difor seie at begge heilt klart var autoritetar. Hitler er eit skrekk eksempel på ein autoritær ledar, hans ord var lov og alle som var ueinige var fiendar. Baden-Powell, meiner eg er eit godt eksempel på ein autorativ ledar, han trudde på deligering av ansvar og på at alle skulle få ytra meining si. felles for begge var at dei begge trudde på disiplin, det trur eg og på, ein lærar må kunne setje seg i respekt, og ingen må setje spørsmålsteikn med kven som er sjefen i klassa. Men som Baden-Powell er eg for og deligera ansvar.

Praksis, det skal bli spanande med praksis, spesielt sidan eg skal i same klassetrinn som eg underviste i før sommarferien, skal bli spanande å  sjå korleis ein gjer ting på ein større skule. Eg reknar med eg vil få ein del a-ha opplevelser i forhald til kordan ting kan gjerast og forhåpentligvis og bekreftelse på at nokre av dei tinga eg gjorde i fjor ikkje var så dumme. Det skal bli ineressat, lærerikt og moro. Eg gler meg aller mest til å bli kjend med nokre ne og heilt sikkert kjekke skuleelevar.

No gler eg meg til praksis!

tirsdag 2. september 2008

Kvifor er eg lærarstudent, og kva er ein lærar?

Eg har no vore lærarstudent i ca to og ei halv veke Det er derfor naturleg å reflektera litt over kvifor. Kvifor vil eg bli lærar? Det er eit ganske omfattande spørsmål som eg ikkje kan svara på med eit enkelt svar, men med fleire enkle svar.
Det var eit par ting som fekk meg til å innsjå at det er dette eg vil:

1:   Etter mange år som sikkerhetskontrollør og instruktør i Securitas fant eg ut av tre ting:
-eg liker å arbeide med mennesker.
-eg liker å læra fra meg og eg har anlegg for dette.
-eg er god på å tilegne meg kunskaper og videreformidle dei.

2:   Sommaren 2007 reiste eg som speidarleiar på den 21. verdensspeidarleiren i England, i lag med tre andre hadde eg ansvare for ein tropp som besto av ca. 30 speidere. Eg merka då at eg har evne til å væra i autoritet samstundes som eg kan ha det moro saman med dei eg er ein autoritet for. Eg fann og ut at dette er ei rolle eg trives i.

3:   Våren 2008 fekk eg tilbod om å ta imot ei stor utfordring, ein fådelt skule mista ein lærar og eg blei spurd om eg kunne vera vikar frå påske og ut skuleåret. Dette viste seg å i være ei stilling som kontaktlærar for både sjette og sjuande klassa på denne skulen. I dag fattar eg ikkje at eg turde å seie ja, sjølv om det må seiast at dette alt i alt var ein fantastisk oppleving med gode kollegaer, kjekke elevar og takksame foreldre.

Ein annan ting det og er litt naturleg å tenkje litt på er kva ein lærar eigentleg er. Tidlegare va ein lærar ein som banka kunnskaper inn i hovudet på andre. Kanskje er det framleis dette, men det er også mykje meir. Ein lærar er i dag ein omsorgsarbeidar, oppdragar, ven og kunnskapsinnbankar. Dette er mange ganske varierte roller og det skal ein del til for å klara å løysa alle på ein gong.
Det trengs altså litt av ein supermann til for å klara alle desse rollene på ein gong. Eg trur det er viktig å heile tida settje seg mål og delmål, både til seg sjølv, til klassa og til den einskilde eleven. Det er viktig at måla er realistiske, at ein arbeider bevist mot dei, og at ein er i stand til å takla det om ein ikkje skulla klara å oppnå alle. Det å få til alle rollene høyrest på ein måte uoverkommeleg ut, men enkelt kan ein seie at det handlar om å gi av seg sjølve og væra eit sunt førebilde og medmenneske for elevane.

OJ.

fredag 29. august 2008

Ein lærar som har gjort inntrykk på meg!

Når eg no skal bli lærar synes eg det er naturleg å sjå tilbake til mi eiga karriere og tenkje litt over kva lærarar eg likte og ikkje og kvifor. Det er fleire som har gjort varige inntrykk på meg, blandt anna ei utruleg sløv og kjedeleg heimkunskapslærar, ein ekstremt rettferdig klassestyrar eg hadde på ungdomsskulen og ein vannvitig gira historie lærar eg hadde på viaregåande. Alle desse tre og fleire med dei har eg noko å læra av, til dømes:
-Som lærar bør ein ikkje halvsova i timane.
-For å vera rettferdig må ein ikkje vera redd for å gjera seg upoppulær.
-Ein bør kunna faget sitt og "selja" det til elevane.

Eg vil fortelje litt om den mest inspirerande læraren eg nokon gong har hatt, historielæraren min frå viaregåande. Han var ein som ikkje berre kunne, men og brant for faget sitt. Når han foreleste evna han å engasjera ein ellers veldig rolig og sløv klasse. Dersom ein god lærar er ein som lever seg inn i stoffet, er kanskje ein ekstremt god lærar ein som lever heile klassa inn i stoffet. Eg husker spesielt ein gong, tema var vikingtida, han sto framfor klassa og har stjerner i augene og seier: "Tenk dere at dere bodde på avaldsnes, la oss si for tusen år siden... Hva gjorde dere på? Hva tenkte dere på? Hva var dere opptatt av? Hadde dere fritid? Og hva brukte dere den til? TENK PÅ DET DA!" I pausen etter var det fritid på avaldsnes for tusen år siden som var det store samtaleemnet.
Han var og ein lærar som brydde seg om elevane sin velferd, ei egenskap som eg har inntrykk av at fleire og fleire gløymer lengre oppe i klassetrinna. Når me var russ formana han om at vi måtte tenkje oss godt om før vi eventuelt gjorde noko dumt. Han var ikkje mot russefeiring, men det var ingen hemmelighet at han var veldig kritisk til korleis den kunne utarta seg. Han var blandt anna mot kasting av egg, ei forståeleg meining som han sikkert delte med mange kollegaer. Eg meiner, kastar ein egg mot ein skule blir resultatet at skulen luktar vondt, men han hadde eit heilt anna argument, han meinte rett og slett at det var uorginalt, "russen har kasta egg i tjue år", sa han, "finn på no nytt!"
Det gjorde vi og, eg og ein kamerat av meg hadde begge gløymd å kjøpe russehatter, så vi var ikkje så opptatt av kva knuter vi tok, men vi var opptatt av å ha det moro og finna på nokre sprell. Ein morgon kjøyrde me tidleg til byen, vi hadde med oss stormkjøken, egg og bacon og det som trengs for ein betre frukost. Me sat oss deretter på trappa hans og lagde tre store porsjoner før vi banka på å spurde om han var svolten. Det var han ikkje, han hadde jo spist frukost medan han hadde sett på kva vi holdt på med, men han gav oss noko å drikkje ettersom vi hadde gløymd dette. Samme dag fortalde ein kjenning av meg som gjekk i klassen under meg som og hadde han i historie at han hadde fortald om ei stor hending: "I år har russen funnet på noe nytt, og POSITIVT!"

Det som gjer at eg ville trekkje akkurat denne læraren fram er at eg alltid gleda meg til historietimane, det var rett og slett moro. Eg gjorde ikkje ein spesielt stor innsats i dette faget, det vil seie den innsatsen eg gjorde var alltid lystbetont. Han hadde to viktige eigenskaper, evnen til å formidla kunskap og ikkje minst empati. Eg ser på det som noko eg kan streva etter i mi framtidige karriere.

OJ.

tirsdag 26. august 2008

Så blei eg og blogger...

Hei, Ole Jacob heiter eg, er plutseleg blitt student igjen etter mange år borte frå skuleverket. Her skal eg etterkvart skriva ein god del om mine tankar og meininger om pedagogikkfaget...

-det kan jo bli spanande lesestoff det...

OJ